Skip to content
Church.wiki
Isaiah

Isaiah 57

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Den rettferdige set livet til, og ingen legg seg det på hjarta, og hjartevarme menneskje vert rivne burt, men ingen ansar det. For den rettferdige vert riven burt av ulukka.Select Isaiah 57:1

2Han gjeng inn til fred; dei kvila på sine lægje dei som hev ferdast beint fram.Select Isaiah 57:2

3Men de, kom her hit, de trollkjerringsøner, du ætt av horkar og skjøkja!Select Isaiah 57:3

4Kven hev de til låtteløgje? Kven geipar de åt, og retter ut tunga? Er ikkje de brots-ungar, ei ljugar-ætt?Select Isaiah 57:4

5De som brenn av lystnad ved eikarne, under kvart eit lauvrikt tre, de som slagtar born i dalarne, i skortor og skard!Select Isaiah 57:5

6Håle steinar i dalen held du deg til, dei, ja dei er din lut. For deim hev du og rent drykkoffer ut og bore grjonoffer fram. Skulde eg vera nøgd med det?Select Isaiah 57:6

7På kvart eit høgrise fjell reidde du lega di; der og steig du upp og ofra slagtoffer.Select Isaiah 57:7

8Og bakum døri og dørskia sette du ditt minnesmerke, du snudde ryggen til meg, klædde av deg og steig upp og laga di lega til, du tinga med deim, lika å liggja med deim, såg deira skam.Select Isaiah 57:8

9Du drog til kongen med olje, med mykje kryddesalve, du sende dine bod langt burt, steig ned til helheim.Select Isaiah 57:9

10Um du enn vart trøytt på den lange ferdi, so sagde du ikkje: «Eg gjev meg yver!» Du samla atter di kraft, difor vart du ikkje veik.Select Isaiah 57:10

11Kven var du rædd og ottast, sidan du var so utru og ikkje tenkte på meg og ikkje brydde deg um meg? Er det ikkje so: Eg hev tagt i lange tider, difor ottast du ikkje meg?Select Isaiah 57:11

12Eg vil forkynna di rettferd og dine verk, dei kann ikkje hjelpa deg.Select Isaiah 57:12

13Når du skrik, so lat avgudsflokken din berga deg! Nei, ein vind skal føykja deim alle burt, ei vindgufs taka deim med seg. Men den som flyr til meg, skal erva landet og få til eiga mitt heilage berg.Select Isaiah 57:13

14Og det skal verta sagt: «Brøyt, brøyt, jamna veg, tak kvar støytestein burt frå vegen åt mitt folk!»Select Isaiah 57:14

15For so segjer han som er høgt upphøgd, han som trunar æveleg og heiter «Heilag»: I det høge og heilage bur eg, og hjå den som er broten og nedbøygd i åndi, for eg vil vekkja åndi til liv hjå dei bøygde, og hjarta til liv hjå dei brotne.Select Isaiah 57:15

16For eg trættar ikkje til æveleg tid, og er ikkje stødt og stendigt harm, for då laut åndi ormegtast for meg, dei sjæler som eg hev skapt.Select Isaiah 57:16

17Eg harmast for hans girugsskapssynd, eg slo han og løynde meg i min harm, han fylgde i fråfall sin hjartans veg.Select Isaiah 57:17

18Hans vegar hev eg sett, men no vil eg lækja honom, eg vil leida honom og gjeva honom og hans syrgjande trøyst.Select Isaiah 57:18

19Herren skaper frukt av lippor fred, fred for fjerr og nær, segjer Herren, og eg vil lækja honom.Select Isaiah 57:19

20Men dei gudlause er som det bårande havet, det kann ikkje halda seg stilt, og bylgjorne rotar upp søyla og skarn.Select Isaiah 57:20

21Dei gudlause hev ingen fred, segjer min Gud.Select Isaiah 57:21

Next: Isaiah 58Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Isaiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.