Proverbs 1
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Ordtøke av Salomo, son til David, konge yver Israel.Select Proverbs 1:1
2Av deim kann ein læra visdom og age og skyna vituge ord.Select Proverbs 1:2
3Og få age so ein vert klok, rettferd og rett og rettvisa.Select Proverbs 1:3
4Dei kann gjeva dei urøynde klokskap, ungdomen kunnskap og ettertanke -Select Proverbs 1:4
5so den vise kann høyra og auka sin lærdom og den vituge verta rådklok.Select Proverbs 1:5
6Dei gjev skyn på ordtak og myrke ord, ord frå dei vise og gåtorne deira.Select Proverbs 1:6
7Otte for Herren er upphav til kunnskap, uvitingar vanvyrder visdom og age.Select Proverbs 1:7
8Høyr etter, son min, når far din deg agar, og kasta ’kje frå deg det mor di deg lærer!Select Proverbs 1:8
9For det er ein yndeleg krans for ditt hovud, og kjedor kring halsen din.Select Proverbs 1:9
10Son min, når syndarar lokkar deg, samtykk ikkje!Select Proverbs 1:10
11Um dei segjer: «Kom med oss! Me vil lura etter blod, setja fella for den skuldlause utan grunn;Select Proverbs 1:11
12Me vil gløypa deim som helheimen livande, og heile som når dei fer i gravi;Select Proverbs 1:12
13Me vinna oss alle slag skattar, og fyller husi våre med rov;Select Proverbs 1:13
14du skal få lutskifte saman med oss, alle skal me ha same pungen.» -Select Proverbs 1:14
15Son min, gakk ikkje då på vegen med deim, haldt foten din burte frå deira stig!Select Proverbs 1:15
16For føterne deira spring til vondt og er snøgge til å renna ut blod.Select Proverbs 1:16
17Men fåfengt breier dei netet for augo på alle fuglar.Select Proverbs 1:17
18Dei lurer på sitt eige blod og set eit garn for sitt eige liv.Select Proverbs 1:18
19So gjeng det kvar som riv til seg med ran, det drep sin eigen herre.Select Proverbs 1:19
20Vismøyi ropar på gata og lyfter si røyst på torgi.Select Proverbs 1:20
21På gatehyrna preikar ho midt i ståket, i porthallar og kring i byen ho talar:Select Proverbs 1:21
22«Kor lenge vil de fåkunnige elska fåkunna, og kor lenge vil spottarar ha hug til spott, og dårar hata kunnskap?Select Proverbs 1:22
23Snu dykk hit når eg refser! So skal åndi mi fløyma for dykk, og eg skal kunngjera dykk mine ord.Select Proverbs 1:23
24Eg ropa og de vilde ikkje høyra, og ingen agta på at eg rette ut handi,Select Proverbs 1:24
25De brydde dykk ei um all mi råd, og ansa ikkje mitt refsings ord,Select Proverbs 1:25
26So skal eg då læ når de ulukka fær, eg skal spotta når det som de ræddast kjem,Select Proverbs 1:26
27når det de ræddast kjem som eit uver, og uferdi dykkar fer hit som ein storm, når trengsla og naud kjem på dykk.Select Proverbs 1:27
28Då vil eg ikkje svara når de ropar på meg, dei skal naudleita etter meg, men ikkje finna meg.Select Proverbs 1:28
29Av di dei hata kunnskap og forsmådde otte for Herren,Select Proverbs 1:29
30ikkje lydde på mi råd, vanyrde all mi påminning,Select Proverbs 1:30
31skal dei eta frukt av si åtferd og verta mette av sine råder.Select Proverbs 1:31
32For einvisa drep dei einfaldne, og tryggleiken dårarne tyner.Select Proverbs 1:32
33Men den bur trygt, som høyrer på meg, verna um ulukke-rædsla.»Select Proverbs 1:33
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain