Proverbs 12
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Den som elskar age, elskar kunnskap, men den som hatar refsing, han er fåvis.Select Proverbs 12:1
2Den gode vinn seg hugnad hjå Herren, men den meinsløge fordømer han.Select Proverbs 12:2
3Ingen mann vert stød av gudløysa, men roti åt rettferdige kann ingen rikka.Select Proverbs 12:3
4Ei fagna kona er ein krans for mannen sin, eit skjemda ting er fæl som ròt i beini hans.Select Proverbs 12:4
5Tankar hjå rettferdige tenkjer er det som rett er, dei råder som ugudlege legg upp, er svik.Select Proverbs 12:5
6Ordi hjå ugudlege gjeng ut på luring etter blod, men ærlege vert berga ved sin munn.Select Proverbs 12:6
7Ugudlege vert kasta i koll, og so er det ute med deim, men rettferdige folks hus stend fast.Select Proverbs 12:7
8Ein mann fær ros alt etter som vitet hans er, men den ranglyndte kjem i vanvyrdnad.Select Proverbs 12:8
9Betre småmann med ein tenar enn låst vera storkar og ikkje ha mat.Select Proverbs 12:9
10Den rettferdige veit korleis buskapen har det, men hardt er hjarta hjå ugudlege folk.Select Proverbs 12:10
11Den som dyrkar si jord, fær mette av brød, den som fer etter fåfengde ting, er fåvis.Select Proverbs 12:11
12Ein gudlaus hev hug til vonde folks garn, men roti åt rettferdige gjev frukt.Select Proverbs 12:12
13Lippe-synd er snara vond, men den rettferdige slepp ut or trengsla.Select Proverbs 12:13
14Av sin munns frukt fær ein mann sin gode mette, og eit menneskje fær att det han hev gjort med sine hender.Select Proverbs 12:14
15Uvitingen held sin eigen veg for den rette, men den vise høyrer på råd.Select Proverbs 12:15
16Når uvitingen er vreid, vert det kjent same dagen, men den kloke løyner skjemsla.Select Proverbs 12:16
17Den som andar ærlegskap, segjer det som rett er, men det falske vitnet talar svik.Select Proverbs 12:17
18Mang ein fer med svall som sverdstyng; men tunga åt dei vise, ho er lækjedom.Select Proverbs 12:18
19Sanningslippa held seg æveleg, men falske tunga berre i ein augneblink.Select Proverbs 12:19
20Svik er i deira hjarta som smider vondt i hop, men dei som rå’r til fred, hev gleda.Select Proverbs 12:20
21Inkje vondt den rettferdige råkar, men gudlause fær ulukka i fullaste mål.Select Proverbs 12:21
22Ei stygja for Herren er ljugarlippor, men han likar deim som fer fram med truskap.Select Proverbs 12:22
23Ein klok mann løynar kunnskap, men dåre-hjarta ropar ut vitløysa.Select Proverbs 12:23
24Strævsam hand kjem upp til herrevelde, men leta fører til trældom.Select Proverbs 12:24
25Sorg i mannens hjarta bøygjer det ned, men eit godt ord gjev det gleda.Select Proverbs 12:25
26Den rettferdige rettleider næsten sin, men vegen åt gudlause fører deim vilt.Select Proverbs 12:26
27Letingen steikjer ikkje si veidn, men annsemd er rikdom so dyr for menneskja.Select Proverbs 12:27
28På rettferds stig er liv, og gonga på vegen gjeng ikkje til dauden.Select Proverbs 12:28
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain