Proverbs 16
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Hjartans rådleggjing høyrer menneskja til, men tunga fær svaret frå Herren.Select Proverbs 16:1
2Kvar mann tykkjer at hans eigi ferd er rein, men det er Herren som prøver ånderne.Select Proverbs 16:2
3Legg verki dine på Herren, so skal tankarne dine få framgang.Select Proverbs 16:3
4Herren hev gjort kvar ting til sitt endemål, ogso den ugudlege til uferdsdagen.Select Proverbs 16:4
5Kvar ovmodig er ei gruv for Herren, du kann vera viss, han skal ’kje verta urefst.Select Proverbs 16:5
6Med kjærleik og truskap vert misgjerning sona ut, med otte for Herren flyr ein frå det vonde.Select Proverbs 16:6
7Når Herren likar ferdi åt ein mann, so let han jamvel fiendarne halda fred med honom.Select Proverbs 16:7
8Betre er lite med rettferd enn innkomor store med urett.Select Proverbs 16:8
9Mannsens hjarta tenkjer ut sin veg, men Herren styrer hans stig.Select Proverbs 16:9
10Gudsord er på konungs lippor, i domen skal hans munn ei gjera mistak.Select Proverbs 16:10
11Rett vegt og rette vegtskåler høyrer Herren til, hans verk er alle lodd i pungen.Select Proverbs 16:11
12Ugudleg åtferd er ein styggedom for kongar, for truna stend trygt ved rettferd.Select Proverbs 16:12
13Kongen likar rettferdige lippor, dei elskar den som segjer det som er rett.Select Proverbs 16:13
14Konungs vreide er daude-bod, men ein vismann stiller vreiden.Select Proverbs 16:14
15I ljos frå konungs åsyn er det liv, og hans godhug er som ei regnsky um våren.Select Proverbs 16:15
16Å vinna visdom - kor mykje betre er det ei enn gull! Å vinna vit er meire verdt enn sylv.Select Proverbs 16:16
17Den vegen dei ærlege gjeng, er å fly frå vondt, den som agtar på sin veg, han varar si sjæl.Select Proverbs 16:17
18Fyre undergang gjeng ovmod, og stormod fyre fall.Select Proverbs 16:18
19Betre er med armingar å vera audmjuk enn skifta herfang med ovmodige.Select Proverbs 16:19
20Den som agtar på ordet, skal finna lukka, den som lit på Herren - sæl er han!Select Proverbs 16:20
21Den vise i hjarta vert kalla vitug, og søtleik på lipporne aukar lærdom.Select Proverbs 16:21
22Klokskap er livsens kjelda for deim som eig han, men fåvit er refsing for fåvise folk.Select Proverbs 16:22
23Vismanns hjarta gjer munnen hans vitug og aukar læra på lipporne hans.Select Proverbs 16:23
24Milde ord er honningdropar, søte for sjæli og lækjedom for beini.Select Proverbs 16:24
25Mang ein veg tykkjer folk er rett, men enden på honom er vegar til dauden.Select Proverbs 16:25
26Vinne-kars hunger onnar for honom, for hans eigen munn driv på.Select Proverbs 16:26
27Ein låk mann grev ei ulukke-grav, og det logar som eld på lipporne hans.Select Proverbs 16:27
28Ein ranglyndt mann yppar trætta, og den som ber drøs, skil ven frå ven.Select Proverbs 16:28
29Ein valdsmann lokkar næsten sin, og leider han inn på ein veg som ei er god.Select Proverbs 16:29
30Den som let augo att, vil tenkja range tankar, den som knip lipporne i hop, set vondt i verk.Select Proverbs 16:30
31Grå hår er fager krans! Han er å vinna på rettferds veg.Select Proverbs 16:31
32Ein tolug mann er betre enn ei kjempa, og den som styrer hugen sin, stend yver den som tek ein by.Select Proverbs 16:32
33Dei kastar terningen i fanget, men all hans avgjerd kjem frå Herren.Select Proverbs 16:33
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain