Proverbs 19
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Betre er ein fatigmann som ferdast lytelaust enn ein mann med range lippor som attpå er ein dåre.Select Proverbs 19:1
2Den som er tankelaus i hugen, gjeng det gale, og den som stig for fort med føterne, han stig i miss.Select Proverbs 19:2
3Mannsens eigi vitløysa fører til fall, men han harmast i sitt hjarta på Herren.Select Proverbs 19:3
4Velstand samla mange vener, men fatigmann vert skild frå venen sin.Select Proverbs 19:4
5Det falske vitnet skal ’kje verta urefst, og den som andar lygn, skal ikkje sleppa undan.Select Proverbs 19:5
6Mange smeikjer den gjæve, og kvar mann er ven med den rauste.Select Proverbs 19:6
7Fatigmanns brør hatar honom alle, enn meir dreg hans vener seg burt frå honom. Han fer etter ord som er inkjevetta.Select Proverbs 19:7
8Den som elskar si sjæl, han vinn seg vit, den som vaktar sitt skyn, skal finna lukka.Select Proverbs 19:8
9Det falske vitnet skal ’kje verta urefst, og den som andar lygn, skal tynast.Select Proverbs 19:9
10Det høver ei for dåren å hava gode dagar, enn mindre for ein træl å råda yver hovdingar.Select Proverbs 19:10
11Mannsens klokskap gjev honom tol, og det er hans æra å tilgjeva brot.Select Proverbs 19:11
12Konungs harm er som når løva burar, men godhugen hans er som dogg i graset.Select Proverbs 19:12
13Ein dårleg son er reint ei ulukka for far sin, og kjerringtrætta er som si-drop frå taket.Select Proverbs 19:13
14Hus og gods er fedre-arv, men frå Herren kjem ei vitug kona.Select Proverbs 19:14
15Leta svæver tungt i svevn, og letingen skal svelta.Select Proverbs 19:15
16Den som tek vare på bodet, tek vare på sitt liv, den som ei ansar si åtferd, skal missa livet.Select Proverbs 19:16
17Den som gjer miskunn mot armingen, låner til Herren, og av honom fær han vederlag for si velgjerning.Select Proverbs 19:17
18Aga son din, for endå er det von, men lat deg ikkje driva til å drepa honom.Select Proverbs 19:18
19Den som er svært sinna, lyt bøta for det, for um du hjelper han, du gjer vondt verre.Select Proverbs 19:19
20Høyr på råd og lat deg aga, so du til slutt kann verta vis.Select Proverbs 19:20
21Mange tankar er i mannsens hjarta, men Herrens råd fær framgang.Select Proverbs 19:21
22Mannsens miskunn er hans gode vilje, og fatig man er betre enn ein som lyg.Select Proverbs 19:22
23Otte for Herren fører til liv, mett fær ein kvila og vert ikkje heimsøkt med vondt.Select Proverbs 19:23
24Stikk den late si hand i fatet, so idest han ei ta ho upp att til munnen.Select Proverbs 19:24
25Slær du spottaren, so vert uvitingen klok, og agar du den vituge, so fær han vit på kunnskap.Select Proverbs 19:25
26Den som er vond med far sin og jagar mor si burt, han er ein son til skam og skjemd.Select Proverbs 19:26
27Høyr ikkje soleis på refsing, son min, at du villar deg burt frå kunnskaps ord!Select Proverbs 19:27
28Eit nidings-vitne spottar det som rett er, og munnen på gudlause gløyper urett.Select Proverbs 19:28
29Refsingsdomar er ferdige for spottaren og slag for ryggen på dårar.Select Proverbs 19:29
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain