Skip to content
Church.wiki
Proverbs

Proverbs 22

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Eit godt namn er meir verdt enn rikdom stor, og manntekkje betre enn sylv og gull.Select Proverbs 22:1

2Rik og fatig råkast, Herren hev skapt deim alle.Select Proverbs 22:2

3Den kloke ser fåren og gøymer seg, men fåmingar renner fram og lyt bøta for det.Select Proverbs 22:3

4Løn for spaklynde og otte for Herren er rikdom og æra og liv.Select Proverbs 22:4

5Klunger og snaror er på den vegen den falske gjeng, den som agtar si sjæl, held seg burte frå deim.Select Proverbs 22:5

6Lær guten etter som guten er, so vik han ikkje ifrå det, um han vert gamall.Select Proverbs 22:6

7Rikmann rå’r yver fatigfolk, og den som fær lån, vert træl for den som gjev.Select Proverbs 22:7

8Den som sår urett, skal hausta vondt, og hans ovmods ris fær ein ende.Select Proverbs 22:8

9Den godhjarta vert velsigna, for han gjev sitt brød til armingen.Select Proverbs 22:9

10Jaga spottaren ut, so gjeng trætta med, og for skjemsla og kiv fær du fred.Select Proverbs 22:10

11Den som elskar hjartans reinleik, den som talar vænt, han hev kongen til ven.Select Proverbs 22:11

12Herrens augo vaktar kunnskap, men ord frå den utrue støyter han um.Select Proverbs 22:12

13Letingen segjer: «Det er ei løva der ute, eg kunde verta drepen midt på gata.»Select Proverbs 22:13

14Ei djup grav er skjøkjemunn, den som Herren er harm på, skal falla nedi.Select Proverbs 22:14

15Vitløysa heng fast ved hjarta hjå guten, men tukteriset driv henne burt frå han.Select Proverbs 22:15

16Trykkjer du armingen, vert det honom til vinning, gjev du den rike, vert det berre til tap.Select Proverbs 22:16

17Lut øyra ned og høyr på ord av vismenn vend hjarta til min kunnskap!Select Proverbs 22:17

18For det er vænt at du deim varar i ditt hjarta; gjev dei må vera reiduge på dine lippor!Select Proverbs 22:18

19Av di du skal lita på Herren, lærer eg deg i dag, just deg.Select Proverbs 22:19

20Hev eg ’kje skrive fyndord til deg med råder og kunnskapSelect Proverbs 22:20

21til å kunngjera deg det som rett er, sannings ord, so du med sannings ord kann svara deim som sender deg?Select Proverbs 22:21

22Plundra ikkje ein fatigmann av di han er fatig, og tred ikkje armingen ned i porten!Select Proverbs 22:22

23For Herren skal føra saki deira og taka livet deira som tek ifrå deim.Select Proverbs 22:23

24Gjev deg ikkje i lag med ein som snart vert vreid, og gakk ikkje med ein bråsinna mann,Select Proverbs 22:24

25at du ikkje skal venja deg til hans vegar og få sett ei snara for livet ditt!Select Proverbs 22:25

26Ver ei millom deim som gjev handtak, millom deim som borgar for skuld!Select Proverbs 22:26

27Når du inkje hev å betala med, kvifor skal dei taka sengi di burt under deg?Select Proverbs 22:27

28Flyt ikkje gamall merkestein som federne dine hev sett!Select Proverbs 22:28

29Ser du ein mann som er dugleg i arbeidet, han skal tena hjå kongar og ikkje hjå småfolk.Select Proverbs 22:29

Next: Proverbs 23Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Proverbs

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.