Skip to content
Church.wiki
Proverbs

Proverbs 23

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Når du sit til bords hjå ein hovding, so agta vel på kven du hev fyre deg,Select Proverbs 23:1

2og set ein kniv på strupen din, um mathugen din er stor.Select Proverbs 23:2

3Fys ikkje etter hans lostemat, for det er dårande føda.Select Proverbs 23:3

4Mød deg ei med å verta rik, lat fara den klokskapen din!Select Proverbs 23:4

5Lat ei augo fljuga til det som kverv, for det gjer seg vengjer, det er visst, som ein ørn som flyg til himmels.Select Proverbs 23:5

6Et ikkje brød hjå den som misunner deg, og fys ikkje etter hans lostemat!Select Proverbs 23:6

7For som han reknar ut i sjæli si, soleis er han. «Et og drikk!» han segjer til deg, men hjarta hans er ikkje med deg.Select Proverbs 23:7

8For biten din som du hev ete, lyt du spy upp att, og du hev spilt dine fagre ord.Select Proverbs 23:8

9For øyro på dåren skal du ikkje tala, for han vanvyrder visdommen i dine ord.Select Proverbs 23:9

10Flyt ikkje gamall merkestein, og kom ei inn på åkrane åt faderlause.Select Proverbs 23:10

11For deira målsmann er sterk, han skal føra saki deira imot deg.Select Proverbs 23:11

12Vend hjarta ditt til age og øyro dine til kunnskaps ord!Select Proverbs 23:12

13Lat ikkje guten vera utan age! Slær du han med riset, skal han ikkje døy.Select Proverbs 23:13

14Du slær han med riset, og sjæli hans bergar du frå helheim.Select Proverbs 23:14

15Son min, vert hjarta ditt vist, so gled seg og mitt hjarta,Select Proverbs 23:15

16og nyro mine fegnast når lipporn’ dine talar det som rett er.Select Proverbs 23:16

17Lat ikkje hjarta ditt misunna syndarar, men stræva stødt etter gudlegdom.Select Proverbs 23:17

18For då er du viss på ei framtid, og di von skal ei verta til inkjes.Select Proverbs 23:18

19Høyr du, son min, og vert vis, og lat hjarta ditt ganga beint fram på vegen.Select Proverbs 23:19

20Ver ikkje med millom vindrikkarar, millom deim som foret seg på kjøt.Select Proverbs 23:20

21For drikkar og storetar fatig vert, og svevn gjev fillor for klæde.Select Proverbs 23:21

22Høyr på far din som avla deg, og vanvyrd ei mor di når ho vert gamall!Select Proverbs 23:22

23Kjøp sanning og sel henne ikkje, visdom og age og vit.Select Proverbs 23:23

24Storleg fegnast far til den rettferdige, og den som fær ein vis son, skal få gleda av han.Select Proverbs 23:24

25Lat far din og mor di gleda seg, og ho som fødde deg, fegnast.Select Proverbs 23:25

26Son min, gjev meg hjarta ditt, og lat dine augo lika vegarne mine.Select Proverbs 23:26

27For skjøkja er som djupe gravi og den framande kona som tronge brunnen,Select Proverbs 23:27

28ja, ho ligg på lur som ein ransmann, og ho aukar talet på utrue folk.Select Proverbs 23:28

29Kven hev sorg? Kven hev sut? Kven hev dragsmål? Kven hev klagemål? Kven hev sjølvvalde sår? Kven hev dimsynte augo?Select Proverbs 23:29

30Dei som drygjer lenge hjå vinen, dei som kjem og smakar på mjøden.Select Proverbs 23:30

31Sjå ikkje på vinen kor han raudnar, kor vænt han smiler i staupet! lett renn han ned.Select Proverbs 23:31

32Men sidan han sting som ein slange og høgg som ein orm.Select Proverbs 23:32

33Då skal augo dine sjå rare syner, og hjarta ditt talar tull og tøv.Select Proverbs 23:33

34Du vert som låg du i havsens djup, eller låg i toppen av mastri.Select Proverbs 23:34

35«Dei slo meg, men det gjorde ’kje vondt, dei banka meg, men eg kjende det ikkje. Når skal eg vakna? Eg vil få tak i endå meir.»Select Proverbs 23:35

Next: Proverbs 24Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Proverbs

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.