Skip to content
Church.wiki
Proverbs

Proverbs 24

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Misunn ikkje vonde menneskje, og hav ikkje hug til å vera med deim.Select Proverbs 24:1

2For hjarta deira tenkjer på vald, og um ulukka talar lipporne deira.Select Proverbs 24:2

3Med visdom byggjer ein hus, og med vit grunngfester ein det,Select Proverbs 24:3

4og med kunnskap fær ein romi fulle av alle slag dyre og gilde ting.Select Proverbs 24:4

5Ein vis mann er sterk, og ein kunnig er veldug i kraft.Select Proverbs 24:5

6Klok styring skal du bruka når du fører krig, hev du mange rådvise menn gjeng det godt.Select Proverbs 24:6

7Visdom heng for høgt for fåmingen, i porten let han ikkje upp sin munn.Select Proverbs 24:7

8Den som tenkjer på å gjere vondt, honom kallar me ein fuling.Select Proverbs 24:8

9Synd er dårskaps råd, og spottaren er ei gruv for folk.Select Proverbs 24:9

10Misser du modet når trengsla kjem, då er di kraft for trong.Select Proverbs 24:10

11Berga deim som dei fører til dauden, og dei som vinglar til rettarstaden, haldt deim att!Select Proverbs 24:11

12Um du segjer: «Me visste det ikkje, ser du,» tru ikkje han som veg hjarto, skynar det, og han som agtar på sjæli di, veit det, og han løner mannen etter hans gjerning?Select Proverbs 24:12

13Et honning, son min, for den er god, og sjølvrunnen honning er søt for din gom.Select Proverbs 24:13

14Lær sameleis visdom for sjæli di! Finn du honom, so hev du ei framtid, og di von skal ikkje verta til inkjes.Select Proverbs 24:14

15Lur ikkje, du gudlause, på rettferdig manns bustad, legg ikkje heimen hans i øyde!Select Proverbs 24:15

16For sju gonger dett den rettferdige og stend upp att, men dei gudlause stuper når ulukka kjem.Select Proverbs 24:16

17Når din fiend’ fell, so gled deg ikkje, og når han stupar, fegnast ei ditt hjarta!Select Proverbs 24:17

18Elles vil Herren sjå det og mislika det og venda frå honom vreiden sin.Select Proverbs 24:18

19Harmast ei yver illgjerdsmenner, misunn ikkje dei gudlause!Select Proverbs 24:19

20For den vonde hev ingi framtid; lampa åt gudlause sloknar.Select Proverbs 24:20

21Ottast Herren, son min, og kongen! Gakk ikkje i lag med upprørsmenner!Select Proverbs 24:21

22For brått kjem ulukka yver deim, og kven veit når åri deira fær ein usæl ende?Select Proverbs 24:22

23Desse ordi er og av vismenner. Det er ikkje godt når ein gjer mannemun i domen.Select Proverbs 24:23

24Den som segjer til den skuldige: «Du er uskuldig.» Honom vil folkeslag banna og folk forbanna;Select Proverbs 24:24

25men deim som refsar han, gjeng det vel, og velsigning av godt kjem yver deim.Select Proverbs 24:25

26Ein kyss på lipporne er det når einkvan gjev det rette svaret.Select Proverbs 24:26

27Fullfør yrket ditt ute, og gjer det ferdigt for deg på marki! Sidan kann du byggja deg husSelect Proverbs 24:27

28ver ikkje vitne mot næsten din utan grunn, for du vil vel ’kje svika med lipporne dine?Select Proverbs 24:28

29Seg ikkje: «Som han hev gjort med meg, so vil eg gjera med han. Eg vil løna mannen etter hans gjerning.»Select Proverbs 24:29

30Eg gjekk framum ein lat manns mark, og vinhagen til eit vitlaust menneskje,Select Proverbs 24:30

31og sjå, han var vaksen full av tistlar, grunnen var yvergrodd med netlor, og steingarden kringom var riven ned.Select Proverbs 24:31

32Og eg skygnde på det og agta på det, eg såg det, og denne lærdomen tok eg:Select Proverbs 24:32

33«Endå litt soving, endå litt blunding, endå litt kvild med henderne i kross!Select Proverbs 24:33

34So kjem armodi di som ein farande fant, og naudi som skjoldvæpna mann.»Select Proverbs 24:34

Next: Proverbs 25Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Proverbs

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.