Skip to content
Church.wiki
Proverbs

Proverbs 27

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Rosa deg ikkje av morgondagen, for du veit ikkje kva ein dag ber i fang.Select Proverbs 27:1

2Lat ein annan rosa deg; ikkje din eigen munn, ein framand og ei dine eigne lippor!Select Proverbs 27:2

3Stein er tung, og sand veg mykje, men tyngre enn båe er dåreharm.Select Proverbs 27:3

4Sinne er fælslegt, og vreide ein flaum, men kven kann standa seg mot åbryskap?Select Proverbs 27:4

5Betre er openberrleg refsing enn kjærleik som held seg duld.Select Proverbs 27:5

6Trugne er slag av venehand, og mange er uvens kyssar.Select Proverbs 27:6

7Den mette trakkar på honning, men den svoltne tykkjer alt beiskt er søtt.Select Proverbs 27:7

8Som ein fugl som rømer frå reiret sitt, er ein mann som rømer frå heimen sin.Select Proverbs 27:8

9Olje og røykjelse hjarta gled, og søte venar-ord frå rådvis sjæl.Select Proverbs 27:9

10Slepp ikkje frå deg venen din og far din’s ven, so du lyt heim til bror din når du er i naud! Ein granne nær attmed er betre enn ein bror langt burte.Select Proverbs 27:10

11Vert vis, min son, og gled mitt hjarta, so eg kann svara den som spottar meg!Select Proverbs 27:11

12Den kloke ser fåren, gøymer seg; fåmingar renner fram og lyt bøta for det.Select Proverbs 27:12

13Tak klædi hans, for han hev borga for ein annan, og panta honom for ei framand kvinna!Select Proverbs 27:13

14Den som høgmælt signar sin ven um morgonen tidleg, han skal få det tilrekna som ei forbanning.Select Proverbs 27:14

15Si-drop frå taket ein regndag og ei trættekjær kvinna likjest kvarandre.Select Proverbs 27:15

16Den som held på henne, held på vind, og handi hans triv i olje.Select Proverbs 27:16

17Jarn sliper jarn, og den eine mannen sliper den andre.Select Proverbs 27:17

18Den som agtar fiketreet sitt, fær eta frukti av det, den som tek vare på sin herre, skal få æra.Select Proverbs 27:18

19Som andlit seg speglar mot andlit i vatnet, so menneskjehjarta mot menneskje.Select Proverbs 27:19

20Helheim og avgrunn vert ikkje mette, og menneskjeaugo vert ikkje mette.Select Proverbs 27:20

21Diglen røyner sylvet og omnen gullet, og ein mann vert røynd av sin ros.Select Proverbs 27:21

22Um du støyte uvitingen i mortelen med støytaren i hop med gryn, so vilde ikkje vitløysa vika ifrå han.Select Proverbs 27:22

23God greide lyt du hava på koss sauerne dine ser ut, og agta vel på buskapen din!Select Proverbs 27:23

24For velstand varer ikkje æveleg, og ikkje ei kruna frå ætt til ætt.Select Proverbs 27:24

25Men er høyet burte og håi kjem att, og fjellgras vert sanka i hop,Select Proverbs 27:25

26då hev du lamb til klæde, og bukkar til å kjøpa deg åker for,Select Proverbs 27:26

27og geitemjølk nok til mat for deg, til mat for huset ditt og til livsupphald for gjentorne dine.Select Proverbs 27:27

Next: Proverbs 28Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Proverbs

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.