Skip to content
Church.wiki
Proverbs

Proverbs 31

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Ord av kong Lemuel, profetord som mor hans prenta inn i honom:Select Proverbs 31:1

2Kva skal eg segja, son min, ja kva, du mitt livs son, ja kva, du min lovnads-son?Select Proverbs 31:2

3Gjev ikkje kvende di kraft, og far ikkje vegar som tynar kongar!Select Proverbs 31:3

4Ei sømer det seg, Lemuel, for kongar, ei kongar sømer det seg å drikka vin, og ei for hovdingar å spyrja etter rusdrykk.Select Proverbs 31:4

5For drikk han, vil han gløyma kva som lov er, og venda retten fyre alle arminger.Select Proverbs 31:5

6Lat han få rusdrykk som er åt å gå til grunns, og han få vin som gjeng med sorg i sjæli.Select Proverbs 31:6

7At han kann drikka og si armod gløyma, og ikkje lenger minnast møda si.Select Proverbs 31:7

8Lat upp din munn for mållaus mann, for alle deira sak som gjeng mot undergang!Select Proverbs 31:8

9Lat upp din munn og rettvist døm, lat armingen og fatigmannen få sin rett!Select Proverbs 31:9

10Ei dugande kona, kven finn vel ei slik? Høgre stend ho i pris enn perlor.Select Proverbs 31:10

11Mannsens hjarta lit på henne, og vinning vantar ikkje.Select Proverbs 31:11

12Ho gjer honom godt og inkje vondt alle sine livedagar.Select Proverbs 31:12

13Ho syter for ull og lin, og henderne strævar med hugnad.Select Proverbs 31:13

14Ho er som kaupmanna-skip, langt burtantil fær ho si føda.Select Proverbs 31:14

15Og uppe er ho i otta, og gjev sin huslyd mat og etlar åt ternone ut.Select Proverbs 31:15

16Ho stilar på ein åker og fær han, for det ho med henderne tener ho plantar ein vingard.Select Proverbs 31:16

17Kraft ho bind seg til belte um livet og gjer sine armar sterke.Select Proverbs 31:17

18Ho merkar at hushaldet hennar gjeng godt, då sloknar ’kje lampa hennar um natti.Select Proverbs 31:18

19Ho retter henderne ut etter rokken, og fingrarne tek til teinen.Select Proverbs 31:19

20Ho opnar handi for armingen, retter ho ut til fatigmannen.Select Proverbs 31:20

21Ei ræddast ho snø for huset sitt, for alt hennar hus er klædt i skarlaks-ty.Select Proverbs 31:21

22Ho gjer seg tæpe og klær seg i finaste lin og purpur.Select Proverbs 31:22

23Hennar mann er kjend i portarne, der han sit til tings med dei fremste i landet.Select Proverbs 31:23

24Linskjortor gjer ho og sel, og belte gjev ho til kramkaren.Select Proverbs 31:24

25Kraft og vyrdnad er klædnaden hennar, og ho lær åt dagen som kjem.Select Proverbs 31:25

26Ho let upp munnen med visdom, mild upplæring ho gjev med si tunga.Select Proverbs 31:26

27Koss det gjeng i huset agtar ho på, og ei et ho brød i letingskap.Select Proverbs 31:27

28Fram stig hennar søner og prisar ho sæl, og mannen syng henne lov:Select Proverbs 31:28

29«Mange kvende stod høgt i dugleik, men du gjeng yver deim alle.»Select Proverbs 31:29

30Vænleik er fals og fagerskap fåfengd; ei kona som ottast Herren, skal prisast.Select Proverbs 31:30

31Lat ho få det ho vann med henderne sine, og pris i portarne av sine verk.Select Proverbs 31:31

Next: Ecclesiastes 1Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Proverbs

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.