Proverbs 5
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Son min, gjev agt på min visdom, lut øyra ned til mitt vit!Select Proverbs 5:1
2So du kann halda deg gløggtenkt, og lipporne gøyma på kunnskap.Select Proverbs 5:2
3For honning dryp av skjøkjelippor, og hennar gom er sleipar’ enn olje,Select Proverbs 5:3
4men til slutt er ho beisk som malurt, kvass som eit tvieggja sverd.Select Proverbs 5:4
5Hennar føter stig ned til dauden, hennar fet fører radt til helheims.Select Proverbs 5:5
6Ho gjeng ikkje livsens stig, gålaus vinglar ho vegvill.Select Proverbs 5:6
7Og no, søner, høyr på meg, og vik ikkje frå det munnen min mæler!Select Proverbs 5:7
8Lat din veg vera langt frå henne, kom ’kje nær til husdøri hennar!Select Proverbs 5:8
9Annars gjev du din vænleik til andre, åt ein hardstyrar åri dine.Select Proverbs 5:9
10Av di eiga vil framande mettast, det du samla med stræv, kjem i annanmanns hus,Select Proverbs 5:10
11so du lyt stynja til slutt når ditt hold og kjøt er upptært,Select Proverbs 5:11
12og segja: «Kor kunde eg hata tukt, og hjarta mitt vanvyrda age?Select Proverbs 5:12
13Kvi høyrde eg ikkje på meistrarne mine, og lydde på deim som lærde meg?Select Proverbs 5:13
14Nær var eg komen ille i det midt i mengdi som sat til tings.»Select Proverbs 5:14
15Drikk or din eigen brunn, det som renn or di eigi kjelda!Select Proverbs 5:15
16Skulde kjeldorne dine renna på gata, vatsbekkjerne dine ute på torgi?Select Proverbs 5:16
17Lat deim vera berre for deg, og ikkje for framande med deg!Select Proverbs 5:17
18Kjelda di vere velsigna, gled du deg i din ungdoms viv.Select Proverbs 5:18
19Elskhugs-hindi, ynde-gasella - barmen hennar alltid deg kveikje, stødt vere du trylt av hennar kjærleik.Select Proverbs 5:19
20Kvi skulde du, son min, tryllast av onnor kona, og femna barmen på framand kvinna?Select Proverbs 5:20
21For Herren hev kvar manns vegar for augo, og han jamnar alle hans stigar.Select Proverbs 5:21
22Den gudlause vert fanga i misgjerningarne sine, hans synde-band bind honom fast.Select Proverbs 5:22
23Han døyr av di han ikkje let seg aga, og ved sin store dårskap tumlar han i koll.Select Proverbs 5:23
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain