Skip to content
Church.wiki
Proverbs

Proverbs 6

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Hev du borga for grannen din, son min, hev du handtekest for ein annan,Select Proverbs 6:1

2er du bunden ved ord av din munn, er du fanga i ord av din munn,Select Proverbs 6:2

3gjer då soleis, son min, og berga deg, sidan du er komen i handi på grannen: Gakk og kasta deg ned for grannen, gjer ågang på han,Select Proverbs 6:3

4unn ikkje dine augo svevn, eller augneloki ein blund.Select Proverbs 6:4

5Frels deg som ei gasella or handi hans, som ein fugl or fangarvald!Select Proverbs 6:5

6Gakk til mauren, du leting, sjå hans ferd og vert vis!Select Proverbs 6:6

7Han hev ingen hovding eller fut eller herre,Select Proverbs 6:7

8men lagar um sumaren maten sin til og hev um hausten sanka si føda.Select Proverbs 6:8

9Kor lenge vil du liggja, du leting? Når ris du upp or di svevn?Select Proverbs 6:9

10Endå litt svevn, endå litt blunding, endå litt kvild med henderne i kross,Select Proverbs 6:10

11so kjem armodi di som ein farande fant og naudi som skjoldvæpna mann.Select Proverbs 6:11

12Ugagns menneskje, illgjerningsmann, er den som gjeng og rengjer munnen,Select Proverbs 6:12

13som blinkar med augo, skrapar med foten, peikar med fingrarne,Select Proverbs 6:13

14med meinspel i hjarta, alltid emnar på ilt, og yppar trættor.Select Proverbs 6:14

15Difor kjem hans undergang brått, snøgt vert han ulækjande krasa.Select Proverbs 6:15

16Det er seks ting som Herrens hatar, og sju er ei gru for hans sjæl:Select Proverbs 6:16

17Storlåtne augo, ljugartunga, hender som renner ut skuldlaust blod,Select Proverbs 6:17

18hjarta som tenkjer upp vonde råder, føter som renner rapt til vondt,Select Proverbs 6:18

19den som lyg og vitnar falskt, den som yppar strid millom brør.Select Proverbs 6:19

20Son min, tak vare på bodet åt far din, og kasta ’kje frå deg læra åt mor di!Select Proverbs 6:20

21Bitt deim alltid til hjarta ditt, knyt deim um halsen din!Select Proverbs 6:21

22Når du gjeng, skal læra leida deg; når du ligg, skal ho vaka yver deg; når du vaknar, skal ho tala til deg.Select Proverbs 6:22

23For bodet er ei lykt og lovi er ljos, og påminning med tukt er livsens veg.Select Proverbs 6:23

24Dei kann vara deg frå den vonde kvinna, frå den sleipe framande tunga.Select Proverbs 6:24

25Ikkje trå i hjarta etter vænleiken hennar, og lat ho ’kje fanga deg med augneloki sine!Select Proverbs 6:25

26For skjøkja armar ut til siste brødbit, og gifte kona jagtar etter dyre livet.Select Proverbs 6:26

27Kann nokon taka eld i fanget og ikkje brenna klædi sine?Select Proverbs 6:27

28Ell’ kann ein gå på gløder og ikkje svida føterne?Select Proverbs 6:28

29So vert det med den som gjeng inn til kona åt grannen; ingen kjem urefst frå det, um han rører henne.Select Proverbs 6:29

30Vert ikkje tjuven vanvyrd, um han stel og vil stilla sin svolt?Select Proverbs 6:30

31Vert han teken, lyt han sjufaldt betala, alt han eig i sitt hus, lyt han gjeva.Select Proverbs 6:31

32Den som driv hor med ei kona, er vitlaus, den som vil tyna seg sjølv, gjer slikt.Select Proverbs 6:32

33Hogg og skjemsla fær han, og ingen utslettar hans skam.Select Proverbs 6:33

34For mannen harmast i åbryskap, på hemnsdagen sparer han ikkje.Select Proverbs 6:34

35Han bryr seg ikkje um nokor bot og tek ’kje imot um du gjev han mykje.Select Proverbs 6:35

Next: Proverbs 7Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Proverbs

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.