Proverbs 8
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Høyr kor visdomsmøyi ropar, og vitet høgmælt talar!Select Proverbs 8:1
2Uppe på haugar ved vegen, der stigarne møtest, stend ho,Select Proverbs 8:2
3attmed portarne ut or byen, ved døra-inngangen ropar ho høgt:Select Proverbs 8:3
4«Godtfolk, eg ropar på dykk, og til mannsborni ljomar mi røyst.Select Proverbs 8:4
5Fåkunnige, lær dykk klokskap, og de dårar, vinn dykk vit!Select Proverbs 8:5
6Høyr, eg talar gjæve ord, og ærlegt er det som lipporne segjer;Select Proverbs 8:6
7ja, sanning talar min gom, og lipporne styggjest ved gudløysa.Select Proverbs 8:7
8Alle ord i min munn er rette, det finst ikkje fult eller falskt i deim.Select Proverbs 8:8
9Dei er alle sanne for den kloke og rette for deim som fann kunnskap.Select Proverbs 8:9
10Tak då min age heller enn sylv og kunnskap framfyre utvalt gull!Select Proverbs 8:10
11For visdom er betre enn perlor, og av alle skattar er ingen som denne.Select Proverbs 8:11
12Eg, visdomen, skyner meg på klokskap, og vit på rådleggjing hev eg.Select Proverbs 8:12
13Otte for Herren er hat til det vonde; stormod og storlæte, åtferd stygg, og ein munn full av fals eg hatar.Select Proverbs 8:13
14Hjå meg er råd og dug, eg er vit, hjå meg er magt.Select Proverbs 8:14
15Eg gjer at kongar råder, og at hovdingar dømer rett.Select Proverbs 8:15
16Eg gjer at styrarar styrer og fyrstar - alle domarar på jordi.Select Proverbs 8:16
17Eg elskar deim som meg elskar, og dei som leitar meg upp, skal meg finna.Select Proverbs 8:17
18Rikdom og æra er hjå meg, gamalt gods og rettferd.Select Proverbs 8:18
19Mi frukt er betre enn gull, ja skiraste gullet, og den vinning eg gjev, er betre enn utvalt sylv.Select Proverbs 8:19
20Eg gjeng på rettferds veg, midt på rettvise-stigar,Select Proverbs 8:20
21For eg vil gjeva gods åt deim som elskar meg og fylla deira forråd.Select Proverbs 8:21
22Herren skapte meg til fyrste verket sitt, fordom fyrr han gjorde noko anna.Select Proverbs 8:22
23Alt frå æva er eg innsett, frå upphavet, fyrr jordi vart til.Select Proverbs 8:23
24Fyrr djupi var til, vart eg fødd, då det ei fanst kjeldor fulle med vatn,Select Proverbs 8:24
25fyrr fjelli var søkkte ned, fyre haugar vart eg fødd,Select Proverbs 8:25
26fyrr han skapte jord og mark og den fyrste moldklump i verdi.Select Proverbs 8:26
27Då han laga himmelen, var eg der, då han slo kvelv yver djupet.Select Proverbs 8:27
28Då han feste skyerne i det høge, då kjeldorne fossa fram or djupet,Select Proverbs 8:28
29då han sette grensa for havet, so vatnet ei gjekk lenger enn han baud, då han la grunnvollar for jordi,Select Proverbs 8:29
30då var eg verksmeister hjå han og var til hugnad for han dag etter dag, eg leika meg stødt for hans åsyn.Select Proverbs 8:30
31Eg leika på heile jordkringen hans og hadde min hugnad i manneborni.Select Proverbs 8:31
32Og no, born, høyr på meg! Sæle er dei som held mine vegar.Select Proverbs 8:32
33Høyr på tukt og vert vise, og slepp ho ikkje ifrå dykk!Select Proverbs 8:33
34Sæl den mann som høyrer på meg, so han dagstødt vaker ved dørerne mine og vaktar dørstokkarne mine.Select Proverbs 8:34
35For den som finn meg, finn livet og fær velsigning frå Herren.Select Proverbs 8:35
36Men den som missar meg, skader seg sjølv, og alle som hatar meg, elskar dauden.»Select Proverbs 8:36
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain