Proverbs 9
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Visdomsmøyi hev bygt seg hus, hev hogge til sine stolpar sju.Select Proverbs 9:1
2Ho hev slagta sitt slagt og blanda sin vin og attåt duka sitt bord.Select Proverbs 9:2
3Sine ternor hev ho sendt ut, og ropar ovan frå haugarne i byen:Select Proverbs 9:3
4«Den som er fåkunnig, vende seg hit!» Til den vitlause segjer ho:Select Proverbs 9:4
5«Kom, og et av mitt brød og drikk av den vin eg hev blanda!»Select Proverbs 9:5
6Lat fåkunna fara so de kann liva og vandra på vegen til vit!Select Proverbs 9:6
7Den som refser ein spottar, fær skam yver seg, den som lastar ein gudlaus, fær seg ein flekk.Select Proverbs 9:7
8Lasta ’kje spottaren, han vil hata deg! Lasta den vise, han vil elska deg!Select Proverbs 9:8
9Gjev ein vismann, so aukar hans visdom, lær ein rettferdig, so lærar han meir.Select Proverbs 9:9
10Otte for Herren er upphav til visdom, og vit er å kjenna den Heilage.Select Proverbs 9:10
11«For ved meg dine dagar skal aukast, og fleire livs-år fær du.»Select Proverbs 9:11
12Er du vis, so gagnar det deg sjølv, spottar du, so lyt du bera det åleine.Select Proverbs 9:12
13Fru dårskap fer med ståk, fåkunnig som ho er og ingen ting veit.Select Proverbs 9:13
14Ho sit attmed husdøri si, på ein stol høgt uppe i byen,Select Proverbs 9:14
15og bed inn dei som ferdast på vegen, som gjeng sine stigar beint fram:Select Proverbs 9:15
16«Den som er fåkunnig, vende seg hit!» Ja, til den vitlause segjer ho:Select Proverbs 9:16
17«Stole vatn er søtt, og ljuvlegt er løyn-ete brød.»Select Proverbs 9:17
18Og han veit ’kje at der bur daudingar, at hennar gjester er i helheims djup.Select Proverbs 9:18
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain