Ecclesiastes 11
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Send brødet ditt burt yver vatnet; for lenge etterpå finn du det att.Select Ecclesiastes 11:1
2Skift ut til sju, ja til åtte, for du veit ikkje kva ilt som kann koma yver jordi.Select Ecclesiastes 11:2
3Når skyerne av regn vert fulle, so tømer dei det ut på jordi, og um eit tre dett imot sud ell’ nord - der treet dett, der vert det liggjande.Select Ecclesiastes 11:3
4Den som agtar på vinden, kjem ei til å så, og den som på skyerne ser, kjem ikkje til å hausta.Select Ecclesiastes 11:4
5Liksom du ikkje veit kva veg vinden fer, eller korleis beini vert til i hennar liv som er med barn, soleis kjenner du ikkje heller Gud gjerning, han som gjer alt.Select Ecclesiastes 11:5
6Så ditt sæde um morgonen, og ei kvile handi i kveldingi! For du veit ikkje kva som vil lukkast av dette og hitt, eller um båe måtar er godt.Select Ecclesiastes 11:6
7Ljuvlegt er ljoset, og augo hev godt av soli å sjå.Select Ecclesiastes 11:7
8Ja, um ein mann liver mange år, so skal han gleda seg i deim alle, men minnast dei myrke dagar og vert mange. Alt som koma skal, er fåfengt.Select Ecclesiastes 11:8
9Gled deg, du ungdom, med du er ung, ver godt i laget i ungdoms-åri, og far dei vegar som hugen vil, og fylg det som lokkar augo. Men det skal du vita at for alt dette vil Gud draga deg til doms.Select Ecclesiastes 11:9
10Få gremmelse ut or hugen din, haldt liding burte frå likamen din! for ungdom og morgonrode er fåfengd.Select Ecclesiastes 11:10
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain