Genesis 11
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Og heile verdi hadde eitt tungemål og same ordi.Select Genesis 11:1
2Og det bar so til, då dei for austigjenom, at dei fann ei slette i Sinearlandet, og der slo dei seg ned.Select Genesis 11:2
3Og dei sagde seg imillom: «Kom, lat oss gjera tigl og brenna det vel!» Og so bruka dei tiglet til murstein, og i staden for kalk bruka dei jordbik.Select Genesis 11:3
4So sagde dei: «Kom, lat oss byggja oss ein by, med eit tårn som når upp i himmelen, og gjera oss namngjetne, so me ikkje vert spreidde utyver all jordi!»Select Genesis 11:4
5Då steig Herren ned og vilde sjå byen og tårnet som manneborni bygde.Select Genesis 11:5
6Og Herren sagde: «Sjå dei er eitt folk, og alle hev dei eit tungemål, og dette er det fyrste dei tek seg fyre! No vert ikkje noko umogelegt for deim, kva dei so finn på å gjera.Select Genesis 11:6
7Lat oss då stiga ned der og vildra målet deira, so den eine ikkje skynar kva den andre segjer.»Select Genesis 11:7
8So spreidde Herren deim derifrå ut yver heile jordi, og dei heldt upp å byggja på byen.Select Genesis 11:8
9Difor kallar dei den byen Babel; for der vildra Herren målet for heile verdi, og derifrå spreidde Herren deim ut yver all jordi.Select Genesis 11:9
10Dette er soga um Sems-ætti: Då Sem var hundrad år gamall, fekk han sonen Arpaksad, tvo år etter storflodi.Select Genesis 11:10
11Og etter han hadde fenge Arpaksad, livde han endå i fem hundrad år, og fekk søner og døtter.Select Genesis 11:11
12Då Arpaksad var fem og tretti år gamall, fekk han sonen Salah.Select Genesis 11:12
13Og etter han hadde fenge Salah, livde han endå fire hundrad og tri år, og fekk søner og døtter.Select Genesis 11:13
14Då Salah var tretti år gamall, fekk han sonen Eber.Select Genesis 11:14
15Og etter han hadde fenge Eber, livde han endå fire hundrad og tri år, og fekk søner og døtter.Select Genesis 11:15
16Då Eber var fire og tretti år gamall, fekk han sonen Peleg.Select Genesis 11:16
17Og etter han hadde fenge Peleg, livde han endå fire hundrad og tretti år, og fekk søner og døtter.Select Genesis 11:17
18Då Peleg var tretti år gamall, fekk han sonen Re’u.Select Genesis 11:18
19Og etter han hadde fenge Re’u, livde han endå tvo hundrad og ni år, og fekk søner og døtter.Select Genesis 11:19
20Då Re’u var tvo og tretti år gamall, fekk han sonen Serug.Select Genesis 11:20
21Og etter han hadde fenge Serug, livde han endå tvo hundrad og sju år, og fekk søner og døtter.Select Genesis 11:21
22Då Serug var tretti år gamall, fekk han sonen Nahor.Select Genesis 11:22
23Og etter han hadde fenge Nahor, livde han endå tvo hundrad år, og fekk søner og døtter.Select Genesis 11:23
24Då Nahor var ni og tjuge år gamall, fekk han sonen Tarah.Select Genesis 11:24
25Og etter han hadde fenge Tarah, livde han endå hundrad og nittan år, og fekk søner og døtter.Select Genesis 11:25
26Då Tarah hadde fyllt sytti år, fekk han sønerne Abram og Nahor og Haran.Select Genesis 11:26
27Dette er soga um Tarah og ætti hans: Tarah fekk sønerne Abram og Nahor og Haran. Og Haran fekk sonen Lot.Select Genesis 11:27
28Og Haran døydde for augo åt Tarah, far sin, i fødesheimen sin, i Ur i Kaldæa.Select Genesis 11:28
29Og Abram og Nahor tok seg konor. Kona hans Abram heitte Saraj, og kona hans Nahor heitte Milka, og var dotter åt Haran, far åt Milka og Jiska.Select Genesis 11:29
30Men Saraj var barnlaus; ho hadde aldri ått barn.Select Genesis 11:30
31Og Tarah tok med seg Abram, son sin, og Lot Haransson, soneson sin, og Saraj, sonekona si, kona hans Abram, og dei tok ut saman frå Ur i Kaldæa, og vilde fara til Kana’ans-land. Og dei kom til Kharan, og vart buande der.Select Genesis 11:31
32Og dagarne hans Tarah vart tvo hundrad og fem år. So døydde Tarah i Kharan.Select Genesis 11:32
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation