Genesis 13
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1So for Abram frå Egyptarland upp til Sudlandet med kona si og alt det han åtte, og Lot var med honom.Select Genesis 13:1
2Og Abram var ovleg rik, både på bufe og på sylv og på gull.Select Genesis 13:2
3Sidan for han frå Sudlandet, dagsleid etter dagsleid, til dess han kom til Betel, til den staden som han fyrr hadde havt tjeldbudi si, millom Betel og Aj,Select Genesis 13:3
4der det altaret stod som han hadde bygt fyrste gongen han var der. Og der kalla Abram på Herren.Select Genesis 13:4
5Men Lot, som fylgdest med Abram, hadde og sauer og naut og tjeldbuder.Select Genesis 13:5
6Og landet kunde ikkje føda deim, når dei budde i hop; dei hadde so mykje fe at dei kunde ikkje bu saman.Select Genesis 13:6
7So vart det trætta millom deim som gjætte for Abram og deim som gjætte for Lot. Og kananitarne og perizitarne budde då der i landet.Select Genesis 13:7
8Då sagde Abram med Lot: «Kjære deg, lat det ikkje vera trætta millom meg og deg, og millom mine hyrdingar og dine. Me er då brør!Select Genesis 13:8
9Hev du ikkje heile landet fyre deg? Skil då heller lag med meg! Tek du til vinstre, so skal eg taka til høgre, og tek du til høgre, so skal eg taka til vinstre.»Select Genesis 13:9
10Då skoda Lot ikring seg, og såg at heile Jordan-kverven, alt burtåt Soar, var rik på vatn yver alt, som Herrens hage, som Egyptarlandet - fyrr Herren lagde Sodoma og Gomorra i øyde.Select Genesis 13:10
11Og Lot valde seg ut heile Jordan-kverven. So tok Lot austigjenom, og dei skildest frå einannan:Select Genesis 13:11
12Abram vart buande i Kana’ans-land, og Lot budde i byarne i Jordan-kverven, og lægra alt burtåt Sodoma.Select Genesis 13:12
13Men mennerne i Sodoma var vonde, og synda groveleg mot Herren.Select Genesis 13:13
14Og Herren sagde til Abram, etter Lot hadde skilt lag med honom: «Lat upp augo dine og sjå ikring deg frå den staden du stend, nordetter og sudetter og austetter og vestetter!Select Genesis 13:14
15For alt det landet du ser, vil eg gjeva deg og di ætt til æveleg tid.Select Genesis 13:15
16Og eg vil lata ætti di verta som dusti på jordi: kann nokon telja dusti på jordi, so kann dei og telja di ætt.Select Genesis 13:16
17Upp, og far landet igjenom, so langt og so breidt som det er! For deg vil eg gjeva det.»Select Genesis 13:17
18So flutte Abram tjeldbuderne, og kom til eikelunden åt Mamre i Hebron. Der vart han buande, og bygde Herren eit altar.Select Genesis 13:18
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation