Genesis 15
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Ei tid etter dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn, og det lydde so: «Ver ikkje ottefull, Abram! Eg skal vera din skjold! Løni di skal vera ovleg stor.»Select Genesis 15:1
2Då sagde Abram: «Herre, min Gud, kva vil du gjeva meg? Barnlaus fer eg min veg, og den som vert eigande huset mitt, er Elieser frå Damaskus.Select Genesis 15:2
3Sjå, meg hev du ikkje gjeve noko barn,» sagde Abram, «og rådsdrengen min kjem til å erva meg.»Select Genesis 15:3
4Men sjå: då kom Herrens ord til honom, og det lydde so: «Nei, han skal ikkje erva deg, men ein som er komen av ditt eige blod, skal erva deg.»Select Genesis 15:4
5Og han leidde honom utanfor, og sagde: «Kjære deg, sjå upp til himmelen og tel stjernorne, um du er god til. So tallaus,» sagde han til honom, «skal ætti di verta.»Select Genesis 15:5
6Og Abram trudde Herren, og det rekna han honom til rettferd.Select Genesis 15:6
7Og han sagde til honom: «Eg er Herren, som leidde deg ut frå Ur i Kaldæa, og eg vil gjeva deg dette landet til eiga.»Select Genesis 15:7
8Og Abram sagde: «Herre, min Gud, kva vissa skal eg hava på det, at eg skal få det til eiga?»Select Genesis 15:8
9Då sagde Herren til honom: «Henta meg ei triæringskviga og ei triæringsgeit og ein triæringsver og ei turtelduva og ein duveunge!»Select Genesis 15:9
10So henta Abram alt dette åt honom, og skar dyri midt i tvo, og lagde den eine luten av kvart dyr beint imot den andre. Men fuglarne skar han ikkje sund.Select Genesis 15:10
11Og ræfuglar kom dalande ned på kjøtet, men Abram jaga deim burt.Select Genesis 15:11
12Då det so leid til at soli vilde glada, kom det ein tung svevn på Abram, og gruv, stort myrker, kom yver honom.Select Genesis 15:12
13Og han sagde til Abram: «Det skal du vita, at ætti di skal halda til i eit land som ikkje er deira, og dei skal tena folket der og tola mykje vondt av deim i fire hundrad år.Select Genesis 15:13
14Men det folket som dei lyt tena, vil eg og døma, og sidan skal dei draga ut med mykje gods.Select Genesis 15:14
15Og du skal fara i fred til federne dine; du skal ganga i gravi i høg alder.Select Genesis 15:15
16Og i den fjorde mannsalderen skal dei koma hit att; for endå vantar det noko på syndeskuldi åt amoritarne, fyrr målet er fullt.»Select Genesis 15:16
17No var soli gladd, og det var stumende myrkt. Då fekk han sjå ein rjukande omn og ein eldsloge, som for fram millom kjøtstykki.Select Genesis 15:17
18Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sagde: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarlands-elvi alt til den store elvi, til Fratelvi,Select Genesis 15:18
19landet åt kenitarne og kenizitarne og kadmonitarneSelect Genesis 15:19
20og hetitarne og perizitarne og refa’itarneSelect Genesis 15:20
21og amoritarne og kananitarne og girgasitarne og jebusitarne.»Select Genesis 15:21
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation