Skip to content
Church.wiki
Genesis

Genesis 16

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Saraj, kona hans Abram, fekk ikkje born. Men ho hadde ei terna som var frå Egyptarland og heitte Hagar.Select Genesis 16:1

2Og Saraj sagde med Abram: «Du ser, Herren hev meinka meg born. Kjære deg, gakk inn til terna mi! Kann henda ho fær ein son åt meg.» Og Abram lydde rådi hennar Saraj.Select Genesis 16:2

3So tok Saraj, kona hans Abram, og let Abram, mannen sin, få Hagar frå Egyptarland, som var terna hennar, til kona. Då var det ti år sidan Abram hadde slege seg ned i Kana’ans-land.Select Genesis 16:3

4Og han gjekk inn til Hagar, og ho vart med barn. Men då ho såg at ho var med barn, vanvyrde ho matmor si.Select Genesis 16:4

5Då sagde Saraj med Abram: «Du skal svara for den urett eg lid. Eg bad deg sjølv taka terna mi i fang, men no ho ser at ho er med barn, vanvyrder ho meg. Herren skal døma millom meg og deg!»Select Genesis 16:5

6Då sagde Abram med Saraj: «Terna di råder du sjølv yver. Gjer med henne som du synest!» Sidan var Saraj hard med henne, og ho rømde sin veg.Select Genesis 16:6

7Men Herrens engel fann henne innmed ei vatskjelda i øydemarki, den kjelda som er frammed vegen til Sur.Select Genesis 16:7

8Og han sagde: «Du Hagar, terna hennar Saraj, kvar kjem du frå, og kvar etlar du deg?» Og ho sagde: «Eg laut røma frå Saraj, matmor mi.»Select Genesis 16:8

9Då sagde Herrens engel til henne: «Gakk heim att til matmor di, og bøyg deg under handi hennar!»Select Genesis 16:9

10Og Herrens engel sagde til henne: «Eg vil gjeva deg ei ætt som er endelaus: reint uteljande skal ho vera!»Select Genesis 16:10

11Og Herrens engel sagde til henne: «Sjå, du er med barn, og du skal eiga ein son. Honom skal du kalla Ismael, av di Herren høyrde deg i naudi di.Select Genesis 16:11

12Det vert eit villasen til kar. Hans hand skal vera lyft mot alle, og alle hender mot honom. Og midt for augo på alle brørne sine skal han slå seg ned.»Select Genesis 16:12

13Og ho nemnde Herren, som hadde tala med henne, og sagde: «Du er Gud, den som ser alt!» Og ho sagde: «Kann det vera råd at eg her hev set skimten av den som all tid ser meg!»Select Genesis 16:13

14Difor kallar dei den kjelda «Kjelda åt den som liver, og ser meg»; ho er millom Kades og Bered.Select Genesis 16:14

15Og Hagar fekk ein son, og Abram kalla son sin, som Hagar hadde fenge, Ismael.Select Genesis 16:15

16Abram var seks og åtteti år gamall, då han fekk Ismael med Hagar.Select Genesis 16:16

Next: Genesis 17Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Genesis

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.