Skip to content
Church.wiki
Genesis

Genesis 17

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Då Abram var ni og nitti år gamall, synte Herren seg for honom, og sagde til honom: «Eg er Gud den Allvelduge. Far du fram for mi åsyn, og haldt deg ulastande,Select Genesis 17:1

2so eg kann fremja mi pakt med deg og auka ætti di endelaust.»Select Genesis 17:2

3Då kasta Abram seg å gruve, og Gud tala med honom, og sagde:Select Genesis 17:3

4«Sjå, eg er i pakt med deg, og du skal verta far åt ein fjølde med tjoder.Select Genesis 17:4

5Dei skal ikkje lenger kalla deg Abram, men du skal heita Abraham: til far åt ei mengd med folkeslag vil eg gjera deg.Select Genesis 17:5

6Og eg vil lata deg veksa og aukast, so du vert til mange tjoder, kongar skal ættast frå deg.Select Genesis 17:6

7Og eg vil stadfesta mi pakt med deg og med ætti di etter deg, frå alder til alder, ei æveleg pakt, og vera din Gud og Gud åt ætti di etter deg.Select Genesis 17:7

8Og eg vil gjeva deg og ætti di etter deg det landet som du held til i, heile Kana’ans-landet, til eiga i all æva, og eg vil vera deira Gud.»Select Genesis 17:8

9Og Gud sagde til Abraham: «Og du skal halda pakti mi, både du og ætti di etter deg, frå alder til alder!Select Genesis 17:9

10Dette er pakti, som de skal halda, millom meg og dykk og ætti di etter deg: Alt karfolk hjå dykk skal umskjerast!Select Genesis 17:10

11De skal skjera av holdet på huva dykkar: det skal vera merket på pakti millom meg og dykk.Select Genesis 17:11

12Kvart sveinbarn hjå dykk skal umskjerast, fyrst det er åtte dagar gamall, alder etter alder, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar: alle dei som er frå framande land, og ikkje er av di ætt.Select Genesis 17:12

13Umskjerast skal både dei som er fødde i huset ditt, og dei som er kjøpte for pengarne dine! So skal pakti mi te seg på holdet dykkar, ei æveleg pakt!Select Genesis 17:13

14Men den som ikkje er umskoren, den som huveholdet ikkje er avskore på, den mannen skal verta utrudd or folket sitt; han hev brote mi pakt!»Select Genesis 17:14

15Og Gud sagde til Abraham: «Saraj, kona di, skal du ikkje lenger kalla Saraj: Sara skal ho heita.Select Genesis 17:15

16Og eg vil velsigna henne og gjeva deg ein son med henne og; velsigna vil eg henne, og ho skal verta til mange tjoder; kongar yver store rike skal ættast frå henne.»Select Genesis 17:16

17Då kasta Abraham seg å gruve, og log. Og han sagde med seg sjølv: «Kann ein mann som er hundrad år gamall, få barn? Og Sara, som er nitti år, kann ho verta mor?»Select Genesis 17:17

18Og Abraham sagde til Gud: «Gjev Ismael måtte få liva og tekkjast deg!»Select Genesis 17:18

19Då sagde Gud: «Som eg hev sagt: Sara, kona di, skal eiga ein son, og du skal kalla honom Isak, og eg vil stadfesta pakti mi med honom, ei æveleg pakt, med hans ætt etter honom!Select Genesis 17:19

20Og um Ismael, so hev eg og høyrt bøni di: Sjå, eg vil velsigna honom og lata honom veksa og aukast alt meir og meir. Tolv hovdingar skal han verta far til, og eg vil gjera honom til eit stort folk.Select Genesis 17:20

21Men pakti mi vil eg stadfesta med Isak, som Sara skal eiga eit anna år dette bil.»Select Genesis 17:21

22So sagde han ikkje meir til honom då. Og Gud for upp att frå Abraham.Select Genesis 17:22

23Og same dagen tok Abraham son sin, Ismael, og alle som var fødde i huset hans, og alle som var kjøpte for pengarne hans, alt karfolket i huset hans Abraham, og skar av holdet på huva deira, som Gud hadde sagt med honom.Select Genesis 17:23

24Abraham var ni og nitti år gamall, då huveholdet vart avskore på honom.Select Genesis 17:24

25Og Ismael, son hans, var trettan år gamall, då huveholdet vart avskore på honom.Select Genesis 17:25

26Denne same dagen vart dei umskorne, både Abraham og Ismael, son hans.Select Genesis 17:26

27Og alle karar i huset hans, både dei som var fødde i huset, og dei framande, som var kjøpte for pengar, dei vart umskorne med honom.Select Genesis 17:27

Next: Genesis 18Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Genesis

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.