Genesis 20
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1So flutte Abraham derifrå til Sudlandet og sette seg ned millom Kades og Sur, og sidan heldt han til i Gerar.Select Genesis 20:1
2Og Abraham sagde um Sara, kona si: «Ho er syster mi.» Og Abimelek, kongen i Gerar, sende folk ut, og tok Sara.Select Genesis 20:2
3Då kom Gud um natti til Abimelek i draume, og sagde til honom: «No lyt du døy, for di du hev teke denne kvinna; for ho er ei gift kona.»Select Genesis 20:3
4Men Abimelek hadde ikkje vore nær henne. Og han sagde: «Herre, vil du då drepa rettvise folk og?Select Genesis 20:4
5Sagde han ikkje sjølv med meg: «Ho er syster mi»? Og ho, ho sagde og: «Han er bror min.» Med skuldlaust hjarta og reine hender gjorde eg dette.»Select Genesis 20:5
6Då sagde Gud til honom i draume: «Ja, eg veit at du gjorde det med skuldlaust hjarta, og det var eg sjølv som heldt deg ifrå å synda mot meg, med di eg ikkje let deg få røra henne.Select Genesis 20:6
7Lat no du mannen få att kona si; for han er ein gudsmann - so bed han for deg, og då fær du liva. Men gjev du henne ikkje ifrå deg, so må du vita at du skal døy, både du og alle dine.»Select Genesis 20:7
8Um morgonen tidleg reis Abimelek upp og kalla kring seg alle mennerne sine og sagde alt dette med deim, og kararne vart ovleg rædde.Select Genesis 20:8
9Og Abimelek kalla til seg Abraham, og sagde med honom: «Kvi gjorde du dette mot oss? Kva vondt hadde eg gjort deg, sidan du vilde leggja so stor ei synd på meg og riket mitt? Du hev fare åt imot meg som ingen skulde fara åt!Select Genesis 20:9
10Kva meinte du med det at du gjorde dette?» sagde Abimelek med Abraham.Select Genesis 20:10
11Då sagde Abraham: «Eg tenkte det: «Dei hev visst ingen age for Gud i dette landet; dei kjem til å drepa meg for kona skuld.»Select Genesis 20:11
12Og so er ho og i røyndi syster mi, dotter åt far min, men ikkje dotter åt mor mi. Og ho vart kona mi.Select Genesis 20:12
13Og då Gud let meg fara frå heimen min ut i vide verdi, då sagde eg med henne: «Dette lyt du gjera for mi skuld: kvar me kjem helst, so seg um meg: «Han er bror min.»»»Select Genesis 20:13
14So tok Abimelek både sauer og naut og drengjer og gjentor og gav Abraham, og let honom få att Sara, kona si.Select Genesis 20:14
15Og Abimelek sagde: «Sjå, her hev du landet mitt fyre deg; bu der du helst vil!»Select Genesis 20:15
16Og med Sara sagde han: «Sjå, her gjev eg bror din tusund sylvdalar. Det skal vera ei ærebot for deg hjå alle som er med deg, so kvar og ein kann sjå du er saklaus.»Select Genesis 20:16
17So bad Abraham til Gud for deim, og Gud lækte Abimelek og kona hans og ternorne hans, so dei fekk born.Select Genesis 20:17
18For Herren hadde heiltupp stengt kvart morsliv i huset åt Abimelek for Sara skuld, kona hans Abraham.Select Genesis 20:18
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation