Genesis 25
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Og Abraham tok seg ei kona att; ho heitte Ketura.Select Genesis 25:1
2Med henne fekk han Simran og Joksan og Medan og Midjan og Jisbak og Suah.Select Genesis 25:2
3Og Joksan var far til Sjeba og Dedan. Og sønerne hans Dedan var Assurar og Letusar og Leummar.Select Genesis 25:3
4Og sønerne hans Midjan var Efa og Efer og Hanok og Abida og Elda’a. Alle desse var borni hennar Ketura.Select Genesis 25:4
5Abraham gav Isak alt det han åtte.Select Genesis 25:5
6Men sønerne åt fylgjekonorne sine gav Abraham gåvor og let deim flytja burt frå Isak, son sin, og taka austetter, til Austerland, medan han endå livde.Select Genesis 25:6
7Og dette er dagarne hans Abraham og den alderen han nådde: hundrad og fem og sytti år.Select Genesis 25:7
8Og Abraham sålast og døydde etter ein god alderdom, gamall og mett av dagar, og kom til federne sine.Select Genesis 25:8
9Og Isak og Ismael, sønerne hans, jorda honom i Makpelahelleren, på gjordet hans Efron, son åt Sohar, hetiten, austanfor Mamre,Select Genesis 25:9
10det gjordet som Abraham hadde kjøpt av Hets-sønerne. Der vart Abraham og Sara, kona hans, jorda.Select Genesis 25:10
11Men då Abraham var slokna, gav Gud velsigningi si til Isak, son hans. Og Isak, han budde attmed «Kjelda åt den som liver, og ser meg».Select Genesis 25:11
12Dette er ættartalet åt Ismael, son hans Abraham, han som Abraham fekk med Hagar frå Egyptarland, terna hennar Sara.Select Genesis 25:12
13Og dette er namni på sønerne hans Ismael, dei namni som er i ættarsoga deira: Nebajot, det var eldste son hans Ismael, og Kedar og Adbe’el og MibsamSelect Genesis 25:13
14og Misma og Duma og MassaSelect Genesis 25:14
15og Hadar og Tema og Jetur og Nafis og Kedma.Select Genesis 25:15
16Dette var sønerne hans Ismael, og dette var namni deira, med grenderne og lægri deira, tolv ættarhovdingar.Select Genesis 25:16
17Og dette er liveåri hans Ismael: hundrad og sju og tretti år. Og han sålast og døydde, og kom til federne sine.Select Genesis 25:17
18Og dei budde frå Havila til Sur, som ligg midt for Egyptarland, når du tek leidi mot Assur. Midt for augo åt alle brørne sine slo han seg ned.Select Genesis 25:18
19Dette er ættarsoga hans Isak, son åt Abraham:Select Genesis 25:19
20Abraham var far åt Isak. Og Isak var fyrti år gamall, då han gifte seg med Rebekka, dotter åt Betuel, aramæaren frå Mesopotamia, syster åt Laban, aramæaren.Select Genesis 25:20
21Og Isak bad til Herren for Rebekka, kona si, av di ho var barnlaus. Og Herren høyrde bøni hans, og Rebekka, kona hans, vart umhender.Select Genesis 25:21
22Men borni drogst i livet hennar. Då sagde ho: «Er det so, kvi skal eg då vera til?» Og ho gjekk av stad og spurde Herren.Select Genesis 25:22
23Og Herren sagde til henne: «I livet ditt er lydar tvo, Tvo folk skal frå ditt fang seg greina; Eitt folk er sterkare enn hitt. Den eldre skal den yngre tena!»Select Genesis 25:23
24Då so tidi hennar kom, at ho skulde eiga barn, sjå, då var det tvillingar i livet hennar.Select Genesis 25:24
25Og den som kom fyrst, var raud, og loden yver allan, som ein feld; so kalla dei honom Esau.Select Genesis 25:25
26Og då bror hans kom, heldt han med handi i hælen på Esau. So kalla dei honom Jakob. Då dei kom til verdi, var Isak seksti år gamall.Select Genesis 25:26
27Og sveinarne voks upp, og Esau vart ein glup veidemann, og heldt til i skog og mark; men Jakob var ein mild og fredsam kar, og heldt seg heime, attmed tjeldbuderne.Select Genesis 25:27
28Og Isak tykte gildast um Esau, for han åt gjerne vilt; men Rebekka tykte gildast um Jakob.Select Genesis 25:28
29Ein gong koka Jakob ein velling; då kom Esau heim av skogen, og var trøytt og mod.Select Genesis 25:29
30Og Esau sagde med Jakob: «Å lat meg få gløypa i meg noko av det raude, dette raude der; eg er reint kvitt!» Difor kallar dei honom Edom.Select Genesis 25:30
31Då sagde Jakob: «Sel meg fyrst odelen din!»Select Genesis 25:31
32Og Esau sagde: «Du ser, eg er åt og skal døy; kva skal eg då med odelen?»Select Genesis 25:32
33«Gjer fyrst eiden på det!» sagde Jakob. So gjorde Esau eiden på det, og selde odelen sin til Jakob.Select Genesis 25:33
34Og Jakob gav Esau brød og linsevelling, og han åt, og drakk, og reis upp, og gjekk sin veg. So lite vyrde Esau odelen.Select Genesis 25:34
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation