Skip to content
Church.wiki
Genesis

Genesis 30

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då Rakel såg at ho og Jakob ikkje fekk born, vart ho ovundsjuk på syster si, og sagde med Jakob: «Lat meg få born, elles so døyr eg!»Select Genesis 30:1

2Då vart Jakob harm på Rakel og sagde: «Er eg i staden åt Gud, som hev meinka deg born?»Select Genesis 30:2

3Då sagde ho: «Sjå her er Bilha, terna mi. Gakk inn til henne, so ho kann føda på fanget mitt og hjelpa meg og til ein son!»Select Genesis 30:3

4So gav ho honom Bilha, terna si, til kona, og Jakob gjekk inn til henne.Select Genesis 30:4

5Og Bilha vart med barn, og fekk ein son med Jakob.Select Genesis 30:5

6Då sagde Rakel: «Gud hev dømt i mi sak: han høyrde bøni mi, og gav meg ein son.» So kalla ho honom Dan.Select Genesis 30:6

7Og Bilha, terna hennar Rakel, vart med barn att, og fekk ein son til med Jakob.Select Genesis 30:7

8Då sagde Rakel: «Harde otor hev eg stade med syster mi, og no hev eg vunne.» So kalla ho honom Naftali.Select Genesis 30:8

9Då Lea såg at ho ikkje fekk fleire born, tok ho Zilpa, terna si, og gav Jakob til kona.Select Genesis 30:9

10Og Zilpa, terna hennar Lea, fekk ein son med Jakob.Select Genesis 30:10

11Då sagde Lea: «No hadde eg lukka med meg!» So kalla ho honom Gad.Select Genesis 30:11

12Og Zilpa, terna hennar Lea, fekk ein son til med Jakob.Select Genesis 30:12

13Då sagde Lea: «Å sæle meg! Droserne kjem til å sælka meg!» So kalla ho honom Asser.Select Genesis 30:13

14Ein dag i skurdonni gjekk Ruben av og fann rune-eple på marki, og bar deim heim til Lea, mor si. Då sagde Rakel med Lea: «Kjære væne, gjev meg nokre av dei rune-epli som son din hev funne!»Select Genesis 30:14

15Men ho svara henne: «Er det ikkje nok at du hev teke mannen min? Vil du no taka rune-epli åt son min og?» Då sagde Rakel: «Det er det same, fær eg rune-epli åt son din, so kann mannen få sova hjå deg i natt.»Select Genesis 30:15

16Um kvelden, då Jakob kom heim frå marki, gjekk Lea til møtes med honom og sagde: «Det er hjå meg du skal vera i natt; eg hev tinga deg for rune-epli åt son min.» So sov han hjå henne den natti.Select Genesis 30:16

17Og Gud høyrde Lea, og ho vart med barn, og åtte den femte sonen.Select Genesis 30:17

18Då sagde Lea: «No hev Gud gjeve meg mi løn, for di eg let mannen få terna mi.» So kalla ho honom Issakar.Select Genesis 30:18

19Og Lea vart med barn att, og åtte den sette sonen.Select Genesis 30:19

20Då sagde Lea: «Gud hev gjeve meg ei god gåva. No kjem mannen min til å bu hjå meg, sidan han hev fenge seks søner med meg.» So kalla ho honom Sebulon.Select Genesis 30:20

21Sidan åtte ho ei dotter, og kalla henne Dina.Select Genesis 30:21

22Då kom Gud i hug Rakel, og Gud høyrde bønerne hennar, og gjorde henne barnkjømd.Select Genesis 30:22

23So vart ho då umhender, og åtte ein son. Då sagde ho: «Gud hev teke burt skammi mi.»Select Genesis 30:23

24Og ho kalla honom Josef og sagde: «Gjev Herren vilde lata meg få ein son til!»Select Genesis 30:24

25Då no Rakel hadde fenge Josef, sagde Jakob med Laban: «Slepp meg or tenesta, so eg kann fara heim til mitt eige land!Select Genesis 30:25

26Lat meg få konorne og borni mine, som eg hev tent for, so vil eg fara! For du veit sjølv kor lenge eg hev tent hjå deg.»Select Genesis 30:26

27Då sagde Laban med honom: «Hadde du berre noko godvilje for meg! Eg hev fenge ei vitring um at det er for di skuld Herren hev velsigna meg.Select Genesis 30:27

28Set berre på kva du vil hava i løn,» sagde han, «so skal eg gjeva deg det!»Select Genesis 30:28

29Og Jakob sagde med honom: «Du veit sjølv kor vel eg hev tent deg, og korleis bufeet ditt hev muna, medan eg hev stelt med det.Select Genesis 30:29

30For det var lite du hadde, fyrr eg kom hit, og no hev det auka mengdevis, og Herren hev velsigna deg for kvart fet eg gjekk. Men når skal no eg få syta for mitt eige hus?»Select Genesis 30:30

31«Kva skal eg gjeva deg?» sagde hin. «Du tarv ikkje gjeva meg noko,» sagde Jakob. «Vil du gjera som eg no segjer, so skal eg gjæta buskapen din og sjå etter honom, som eg hev gjort.Select Genesis 30:31

32I dag vil eg ganga gjenom heile buskapen din og skilja ut alt som er droplut eller spreklut, både det som er svart i saueflokken, og det som er spreklut eller droplut i geiteflokken, og det skal vera løni mi.Select Genesis 30:32

33Og mi truheit skal svara for meg, når du heretter kjem og ser yver løni mi: Finst det hjå meg nokor geit som ikkje er droplut eller spreklut, eller nokon sau som ikkje er svart, so er dei stolne.»Select Genesis 30:33

34Då sagde Laban: «Ja ja, lat det vera som du segjer!»Select Genesis 30:34

35Og same dagen skilde han ut dei bukkarne som var salute og spreklute, og alle dei geiterne som var droplute og spreklute, alt som det var noko kvitt på, og alt som var svart i saueflokken, og let sønerne sine taka vare på det.Select Genesis 30:35

36Og han lagde tri dagsleider millom seg og Jakob. Og Jakob laut gjæta det som att var av fenaden hans Laban.Select Genesis 30:36

37Men Jakob fann seg grøne stavar av poppel og mandeltre og løn, og randa deim, so den kvite veden synte millom borkerenderne.Select Genesis 30:37

38Og stavarne, som han hadde randa, sette han upp i trørne i vatskuporne, der småfeet kom og skulde drikka, midt for augo på småfeet; for det var jamt dei flaug, når dei kom og skulde drikka.Select Genesis 30:38

39So para småfeet seg innmed stavarne, og fekk ungar som var salute og droplute og spreklute.Select Genesis 30:39

40Men lambi skilde Jakob ifrå og let småfeet venda augo mot det som var droplut, og mot alt som var svart i buskapen hans Laban. Soleis fekk han seg flokkar for seg sjølv, og hadde deim ikkje i hop med buskapen hans Laban.Select Genesis 30:40

41Og kvar gong det var trivelegt småfe som flaug, so sette Jakob randestavarne i trørne, midt for augo på deim, so dei skulde para seg innmed stavarne.Select Genesis 30:41

42Men var det slikt som ikkje vilde trivast, so sette han ikkje stavarne der. Soleis fekk Laban det feet som ikkje vilde trivast, og Jakob det som var trivelegt.Select Genesis 30:42

43Og mannen vart rikare og rikare, og fekk mykje bufe, og gjentor og drengjer, og kamelar og asen.Select Genesis 30:43

Next: Genesis 31Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Genesis

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.