Skip to content
Church.wiki
Genesis

Genesis 33

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Jakob skoda framyver, og sjå, der kom Esau og fire hundrad mann med honom. Då skifte han borni millom Lea og Rakel og båe ternorne,Select Genesis 33:1

2og sette ternorne og borni deira fremst, og Lea og borni hennar attanfor, og Rakel og Josef attarst.Select Genesis 33:2

3Og sjølv gjekk han fram fyre deim, og bøygde seg nedåt jordi sju gonger, til dess han kom tett innåt bror sin.Select Genesis 33:3

4Men Esau sprang imot honom, og tok honom i fanget, og lagde armarne um halsen hans, og kysste honom, og dei gret.Select Genesis 33:4

5Då han såg upp, vart han var konorne og borni; då sagde han: «Kva er dette for folk du hev med deg?» «Det er dei borni som Gud hev unnt tenaren din,» sagde Jakob.Select Genesis 33:5

6So gjekk ternorne fram med borni sine og bøygde seg.Select Genesis 33:6

7Og Lea og borni hennar gjekk og fram og bøygde seg. Sidan gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg.Select Genesis 33:7

8Då sagde han: «Kva vilde du med heile denne buskapen som eg møtte?» «Eg vilde gjera deg blid på meg, herre bror,» sagde hin.Select Genesis 33:8

9Då sagde Esau: «Eg hev nok, bror. Hav du sjølv det som ditt er!»Select Genesis 33:9

10«Å nei, kjære væne!» sagde Jakob. «Hev du noko godvilje for meg, so tak imot gåva mi! For då eg såg deg i andlitet, var det som eg såg Guds andlit, med di du var so blid imot meg.Select Genesis 33:10

11Kjære deg, tak imot gåva eg sende deg! For Gud hev vore god mot meg, og eg hev nok av alle slag.» Og han nøydde honom, til han tok imot det.Select Genesis 33:11

12So sagde Esau: «Lat oss taka ut og koma i vegen, so skal eg fara jamte med deg.»Select Genesis 33:12

13Men Jakob sagde: «Du veit, herre bror, at borni ikkje toler mykje, og eg hev lambsøyor og nybære kyr å taka vare på. Driv ein deim for hardt, um det berre er ein dag, so døyr heile buskapen.Select Genesis 33:13

14Vil ikkje du gjera vel og fara fyre meg, herre bror! So kann eg rusla so smått, etter som drifterne og borni orkar til, til dess eg kjem til deg i Se’ir.»Select Genesis 33:14

15«So vil eg lata nokre av dei mennerne eg hev med, vera att hjå deg,» sagde Esau. «Kvi då?» sagde hin; «berre du vil vera blid på meg, herre bror!»Select Genesis 33:15

16So snudde Esau um same dagen, og for sin veg heim att til Se’ir.Select Genesis 33:16

17Og Jakob tok vegen til Sukkot, og bygde seg eit hus, og til buskapen sin gjorde han skålar. Difor kallar dei den staden Sukkot.Select Genesis 33:17

18Og Jakob kom seg vel fram til Sikemsbyen i Kana’ans-land, den gongen han for frå Mesopotamia, og han fann seg eit læger framanfor byen.Select Genesis 33:18

19Og det jordstykket som han hadde sett upp tjeldbudi si på, kjøpte han av sønerne hans Hemor, far åt Sikem, for hundrad gullpengar.Select Genesis 33:19

20Og han bygde eit altar der, og kalla det: «Gud er Gud åt Israel».Select Genesis 33:20

Next: Genesis 34Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Genesis

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.