Genesis 35
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Og Gud sagde til Jakob: «Gjer deg reidug, og far upp til Betel, og gjev deg til der, og bygg eit altar åt Gud, han som synte seg for deg, då du rømde for Esau, bror din.»Select Genesis 35:1
2Då sagde Jakob med husfolket sitt og alle deim som var med honom: «Få burt dei framande gudarne, som er hjå dykk, og fjelga dykk, og byt klæde!Select Genesis 35:2
3Og lat oss so taka ut og fara upp til Betel! Der vil eg byggja eit altar åt Gud, han som høyrde bøni mi den dagen eg var i fåre, og som var med meg på den vegen eg for.»Select Genesis 35:3
4Då let dei Jakob få alle dei framande gudarne som dei hadde hjå seg, og ringarne som dei hadde i øyro; og Jakob grov det ned under den eiki som stend innmed Sikem.Select Genesis 35:4
5So tok dei ut, og ein otte frå Gud kom yver byarne rundt ikring deim, so dei sette ikkje etter Jakobs-sønerne.Select Genesis 35:5
6Og Jakob kom til Luz, som ligg i Kana’ans-land - no heiter det Betel - både han og alt folket som var med honom.Select Genesis 35:6
7Der bygde han eit altar, og kalla den staden «Gud i Betel»; for der hadde Gud synt seg for honom den gongen han rømde for bror sin.Select Genesis 35:7
8Då døydde Debora, fostermor hennar Rebekka, og ho vart jorda nedanfor Betel, attunder ei eik; den kallar dei Gråtareiki.Select Genesis 35:8
9Gud synte seg endå ein gong for Jakob, den tid han kom frå heim Mesopotamia, og velsigna honom.Select Genesis 35:9
10Og Gud sagde til honom: «Du heiter Jakob! heretter skal du ikkje heita Jakob; Israel skal du heita!» Sidan kalla dei honom Israel.Select Genesis 35:10
11Og Gud sagde til honom: «Eg er Gud, den Allvelduge. Du skal veksa og aukast! Eit folk, ei mengd med folkeslag skal ættast frå deg, og undan deg skal kongar alast.Select Genesis 35:11
12Og det landet som eg gav Abraham og Isak, det vil eg gjeva deg; ætti di etter deg vil eg gjeva det landet.»Select Genesis 35:12
13So for Gud upp ifrå honom på den staden han var då han tala med honom.Select Genesis 35:13
14Då reiste Jakob upp ein stein på den staden han var då han tala med honom, ein minnestein, og auste drykkoffer på honom, og slo olje utyver honom.Select Genesis 35:14
15Og Jakob kalla den staden han var då Gud tala med honom, Betel.Select Genesis 35:15
16So tok dei ut att frå Betel, og då dei hadde att som eit augneleite til Efrat, fekk Rakel barnilt, og ho vart strengt sjuk.Select Genesis 35:16
17Og medan ho låg i hardaste riderne, sagde ljosmori med henne: «Syt ikkje no! Her hev du ein son att.»Select Genesis 35:17
18Og i det same ho sålast - for ho laut døy - kalla ho honom Benoni; men far hans kalla honom Benjamin.Select Genesis 35:18
19Då Rakel var slokna, vart ho jorda frammed vegen til Efrat, som no heiter Betlehem.Select Genesis 35:19
20Og Jakob reiste upp ein minnestein på gravi hennar. Det er gravsteinen hennar Rakel; han stend der den dag i dag.Select Genesis 35:20
21So tok Israel ut att, og sette upp tjeldbudi si burtanfor Bølingstårnet.Select Genesis 35:21
22Medan Israel budde der i landet, hende det at Ruben gjekk av og låg hjå Bilha, fylgjekona åt far hans. Og Israel fekk vita det. Sønerne hans Jakob var tolv i talet.Select Genesis 35:22
23Sønerne hennar Lea var Ruben, eldste son hans Jakob, og Simeon og Levi og Juda og Issakar og Sebulon.Select Genesis 35:23
24Og sønerne hennar Rakel var Josef og Benjamin.Select Genesis 35:24
25Og sønerne åt Bilha, terna hennar Rakel, var Dan og Naftali.Select Genesis 35:25
26Og sønerne åt Zilpa, terna hennar Lea, var Gad og Asser. Dette var sønerne hans Jakob, som han hadde fenge i Mesopotamia.Select Genesis 35:26
27Og Jakob kom til Isak, far sin, i Mamre, tett innmed Arbabyen, som no heiter Hebron, der som Abraham og Isak hadde halde til.Select Genesis 35:27
28Og dagarne hans Isak vart hundrad og åtteti år.Select Genesis 35:28
29Då sålast Isak og døydde, og kom saman med federne sine, gamall og mett av dagar. Og Esau og Jakob, sønerne hans, fylgde honom til gravi.Select Genesis 35:29
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation