Genesis 38
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1I same tidi bar det so til at Juda for nedyver frå brørne sine, og gav seg til hjå ein mann i Adullam som heitte Hira.Select Genesis 38:1
2Der såg Juda dotter åt ein kananitisk mann som heitte Sua, og han tok henne til kona, og budde i hop med henne.Select Genesis 38:2
3Og ho vart med barn, og åtte ein son; honom kalla han Er.Select Genesis 38:3
4So vart ho med barn ein gong til, og åtte ein son, og ho kalla honom Onan.Select Genesis 38:4
5Sidan åtte ho endå ein son, og kalla honom Sela; då ho fekk honom, var Juda i Kezib.Select Genesis 38:5
6Og Juda feste ei kone åt Er, eldste son sin; ho heitte Tamar.Select Genesis 38:6
7Men Herren tykte ille um Er, eldste son åt Juda, og Herren laga det so at han døydde.Select Genesis 38:7
8Då sagde Juda med Onan: «Tak brorkona di heim til deg, og gift deg med henne, so du held uppe ætti åt bror din!»Select Genesis 38:8
9Men Onan visste at borni ikkje skulde vera hans; og når han låg med enkja etter bror sin, let han det spillast på jordi, so han ikkje skulde gjeva bror sin avkjøme.Select Genesis 38:9
10Og Herren tykte ille um det han gjorde, og laga det so at han og døydde.Select Genesis 38:10
11Då sagde Juda til Tamar, sonekona si: «No lyt du sitja enkja i huset åt far din, til Sela, son min, er vaksen!» For han tenkte: «Elles kjem han og til å døy, som brørne hans.» So for Tamar heim att, og budde hjå far sin.Select Genesis 38:11
12Då det leid frametter ei tid, døydde dotter åt Sua, kona hans Juda. Og då syrgjetidi var ute, gjekk Juda upp til Timna, til deim som klypte sauerne hans, både han og venen hans, Hira frå Adullam.Select Genesis 38:12
13Og Tamar fekk spurt det; for det kom ein og sagde med henne: «Sjå, verfar din er på veg upp til Timna og vil klyppa sauerne sine.»Select Genesis 38:13
14Då lagde ho av seg enkjebunaden sin, og kasta på seg ei kåpa og sveipte henne vel kring seg, og so sette ho seg frammed ledet utfor Enajim, på vegen til Timna. For ho såg at Sela var vaksen, og at ho ikkje fekk honom.Select Genesis 38:14
15Då Juda såg henne, tenkte han det var ei skjøkja, av di ho heldt kåpa attfor andlitet.Select Genesis 38:15
16So tok han av vegen, og gjekk innåt henne og sagde: «Kom og lat meg få liggja med deg!» For han visste ikkje at det var sonekona hans. Då sagde ho: «Kva gjev du meg, er so du fær liggja med meg?»Select Genesis 38:16
17«Eg skal senda deg eit kid av buskapen min,» sagde han. «Gjev meg so noko i vissa då, til du sender meg det!» sagde ho.Select Genesis 38:17
18«Kva vissa skal eg gjeva deg?» sagde han. «Seglringen din og lekkjet ditt og staven som du hev i handi,» sagde ho. Det gav han henne, og so fekk han liggja med henne, og ho vart fremmeleg med honom.Select Genesis 38:18
19Og ho stod upp og gjekk sin veg, og lagde av seg kåpa og hadde på seg enkjebunaden sin.Select Genesis 38:19
20Og Juda sende kidet med venen sin, han frå Adullam, og bad honom få att vissa av kvinna; men han fann henne ikkje.Select Genesis 38:20
21Og han spurde folki i grendi hennar og sagde: «Kvar er skjøkja, ho i Enajim, frammed vegen?» Men dei sagde: «Det hev ikkje vore nokor skjøkje her.»Select Genesis 38:21
22So kom han attende til Juda og sagde: «Eg fann henne ikkje, og folki der i grendi sagde endå det: «Det hev ikkje vore nokor skjøkja her.»»Select Genesis 38:22
23Då sagde Juda: «Lat henne hava det, so me ikkje fær skam av dette! Kidet veit du no eg hev sendt, men du fann henne ikkje.»Select Genesis 38:23
24So var det på lag tri månader etter, då kom dei og sagde med Juda: «Tamar, sonekona di, hev lagt seg burt, so ho jamvel hev vorte med barn.» Då sagde Juda: «Leid henne ut! Ho skal brennast.»Select Genesis 38:24
25Då dei so leide henne ut, sende ho bod til verfar sin og sagde: «Det er med den mannen som eig dette, at eg hev vorte med barn. Du skulde vel ikkje vita kven som eig denne seglringen og lekki og staven?» sagde ho.Select Genesis 38:25
26Og Juda kjendest med det, og sagde: «Ho er i sin gode rett imot meg; for eg let henne ikkje få Sela, son min.» Og han låg ikkje med henne meir.Select Genesis 38:26
27Då det so leid til at ho skulde eiga barn, sjå, då var det tvillingar i livet hennar.Select Genesis 38:27
28Og i det same ho fødde, rette den eine handi fram. Då tok ljosmori og batt ein raud tråd kring handi hans, og sagde: «Denne kom fyrst.»Select Genesis 38:28
29Men so drog han handi attende, og då kom bror hans fram! Då sagde ho: «Korleis er det du bryt deg fram!» Og dei kalla honom Peres.Select Genesis 38:29
30So kom bror hans, han som hadde den raude tråden kring handi. Honom kalla dei Zerah.Select Genesis 38:30
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation