Skip to content
Church.wiki
Genesis

Genesis 4

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Adam budde saman med Eva, kona si, og ho vart med barn, og åtte Kain. Då sagde ho: «Ein son hev eg fenge av Herren!»Select Genesis 4:1

2Sidan åtte ho Abel, bror hans. Og Abel vart sauehyrding, og Kain var jorddyrkar.Select Genesis 4:2

3Og det hende, då det leid av ei tid, at Kain bar fram åt Herren ei gåva av grøda på marki.Select Genesis 4:3

4Og Abel bar og fram ei gåva, og han gav av frumselambi or fenaden sin og feittet deira. Og Herren såg blidt til Abel og gåva hans,Select Genesis 4:4

5men ansa ikkje Kain og hans gåva. Då vart Kain brennande harm, og stirde nedfyre seg.Select Genesis 4:5

6Og Herren sagde til Kain: «Kvi er du harm, og kvi stend du og stirer nedfyre deg?Select Genesis 4:6

7Hev du godt i tankar, kann du ikkje då lyfta upp augo? Og hev du ikkje godt i tankar, so ligg syndi framfyre døri og lurer. Ho trår etter deg, men du lyt halda henne i age.»Select Genesis 4:7

8Og Kain sagde det med Abel, bror sin. Og det gjekk so til, medan dei var utpå marki, at Kain rauk på Abel, bror sin, og slo honom i hel.Select Genesis 4:8

9Då sagde Herren til Kain: «Kvar er Abel, bror din?» Og han svara: «Eg veit ikkje. Skal eg gjæta bror min?»Select Genesis 4:9

10Då sagde han: «Kva hev du gjort! Høyr, blodet åt bror din ropar til meg frå jordi!Select Genesis 4:10

11Og no skal du vera bannlyst frå den jordi som let upp munnen og tok imot blodet åt bror din av di hand.Select Genesis 4:11

12Når du dyrkar marki, skal ho ikkje meir gjeva deg sin avle. Heimlaus og fredlaus skal du vera på jordi.»Select Genesis 4:12

13Då sagde Kain til Herren: «Skuldi mi er større enn eg kann bera.Select Genesis 4:13

14Sjå, du driv meg i dag ut or landet, og eg lyt løyna meg for dine augo og vera heimlaus og fredlaus på jordi, og kven som finn meg, kjem til å slå meg i hel.»Select Genesis 4:14

15Då sagde Herren til honom: «Nei! for drep nokon Kain, so skal det hemnast sju gonger.» Og Herren gav Kain eit merke, so dei ikkje skulde slå honom i hel, kven som fann honom.Select Genesis 4:15

16So hadde Kain seg utor Herrens augo, og busette seg i eit land som heiter Nod, austanfor Eden.Select Genesis 4:16

17Og Kain budde saman med kona si, og ho vart med barn, og åtte Hanok. Sidan tok han seg til å byggja ein by, og kalla byen Hanok, etter son sin.Select Genesis 4:17

18Og Hanok vart far til Irad; og Irad fekk sonen Mehujael, og Mehujael fekk sonen Metusael, og Metusael fekk sonen Lamek.Select Genesis 4:18

19Og Lamek tok seg tvo konor. Den eine heitte Ada, og den andre heitte Silla.Select Genesis 4:19

20Og Ada åtte sonen Jabal. Frå honom er dei ætta dei som bur i tjeldbuder og held buskap.Select Genesis 4:20

21Og bror hans heitte Jubal. Frå honom er dei ætta all dei som spelar på harpa og fløyta.Select Genesis 4:21

22Og Silla åtte og ein son. Han vart kalla Tubalkain; og han smidde alle slag bitjarn, både av jarn og av kopar. Og syster åt Tubalkain heitte Na’ama.Select Genesis 4:22

23Og Lamek kvad til konorne sine: «Ada og Silla, høyr mine ord, Lameks konor, lyd på mi røyst! Ein mann drep eg for kvart sår, og ein svein for kvar skråma eg fær.Select Genesis 4:23

24For Kain skal sju gonger hemnast, men Lamek sju-ti og sju.»Select Genesis 4:24

25Og Adam budde med kona si som han fyrr hadde gjort, og ho åtte ein son, og kalla honom Set. «For Gud hev sett meg ein annan son i staden hans Abel,» sagde ho, «for di Kain slo honom i hel.»Select Genesis 4:25

26Og Set fekk og ein son, og kalla honom Enos. Då tok dei til å kalla på Herren.Select Genesis 4:26

Next: Genesis 5Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Genesis

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.