Skip to content
Church.wiki
Genesis

Genesis 43

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Og då det traut det kornet dei hadde havt heim frå Egyptarland, sagde far deira med deim: «Far i vegen att og kjøp oss noko grjon!»Select Genesis 43:1

2Då sagde Juda med honom: «Denne mannen lyste so strenge ord og sagde: «De skal ikkje koma for augo mine, utan yngste bror dykkar er med.»Select Genesis 43:2

3Vil du no lata bror vår få vera med oss, so skal me fara ned og kjøpa grjon åt deg.Select Genesis 43:3

4Men sender du honom ikkje med, so vil me ikkje fara. For mannen sagde: «De skal ikkje koma for augo mine, utan bror dykkar er med.»»Select Genesis 43:4

5Då sagde Israel: «Kvi gjorde de meg so ille imot og sagde det med mannen at de hadde endå ein bror?»Select Genesis 43:5

6Og dei svara: «Mannen spurde oss ut både um oss og ætti vår, og sagde: «Liver far dykkar endå? Hev de nokon bror?» So svara me, som han spurde til. Kor kunde då me tenkja at han skulde segja: «Kom hit med bror dykkar!»»Select Genesis 43:6

7Og Juda sagde med Israel, far sin: «Send du sveinen med meg, so vil me oss reiduge og fara, so me kann halda livet og ikkje døy burt, både me og du og småborni våre.Select Genesis 43:7

8Eg skal svara for honom. Av meg kann du krevja honom att. Kjem eg ikkje heim til deg att med honom og set honom framfyre deg, so skal eg bera skuldi for det all min dag.Select Genesis 43:8

9For hadde me ikkje drygt so lenge, so kunde me no vore heim att tvo vendor.»Select Genesis 43:9

10Då sagde Israel, far deira, med deim: «Er det ikkje onnor råd, so gjer som eg segjer: Tak med dykk i sekkjerne dykkar av alt det gjævaste som finst i landet, noko balsam og noko honning, kryddor og rosekvåda, pistacie-neter og mandlar! Det skal vera ei gåva til mannen.Select Genesis 43:10

11Og tak ein gong til so mange pengar med dykk! For dei pengarne som kom att og låg ovanpå i sekkjerne dykkar, fær de hava med attende; kann henda det berre var eit mistak.Select Genesis 43:11

12Tak so bror dykkar med, og gjer dykk reiduge, og far attende til mannen!Select Genesis 43:12

13Og Gud den Allvelduge late dykk møta godvilje hjå mannen, so han sender Benjamin og den andre bror dykkar med dykk heim att. Og eg - skal eg vera barnlaus, so fær eg vera barnlaus!»Select Genesis 43:13

14So tok dei gåva, og ein gong til so mange pengar tok dei med seg, og so Benjamin. Og dei gav seg på vegen, og for ned til Egyptarland, og gjekk fram for Josef.Select Genesis 43:14

15Då Josef såg at Benjamin var med deim, sagde han med den som stod fyre huset hans: «Bed desse mennerne inn, og slagta eit naut og laga det til; for dei skal eta til middags med meg.»Select Genesis 43:15

16Og mannen gjorde som Josef sagde, og bad deim inn i huset åt Josef.Select Genesis 43:16

17Men då dei skulde inn i huset åt Josef, vart dei rædde, og sagde: «Det er nok for dei pengarne skuld som låg att i sekkjerne våre fyrre gongen, at me skal her inn. Dei kjem til å velta seg inn på oss, og kasta seg yver oss, og taka oss til trælar, med asni våre.»Select Genesis 43:17

18So gjekk dei burt til mannen som stod fyre huset hans Josef, og tala til honom i husdøri,Select Genesis 43:18

19og sagde: «Høyr her, gode herre! Du veit me hev vore her ein gong fyrr og kjøpt grjon.Select Genesis 43:19

20Men då me kom til kvilestaden, og løyste upp klyvjarne våre, då fann kvar sine pengar ovanpå i sekken sin; det var våre eigne pengar, med si fulle vegt, og no hev me deim med oss hit att.Select Genesis 43:20

21Og andre pengar hev me og med oss, til å kjøpa grjon for. Me veit ikkje kven som hev lagt pengarne i sekkjerne våre.»Select Genesis 43:21

22Då sagde han: «Ver de hugheile! Hav ingen otte på dykk! Dykkar Gud og Gud åt far dykkar hev lagt ei gåva til dykk i sekkjerne. Pengarne dykkar hev eg fenge.» So henta han Simeon ut til deim.Select Genesis 43:22

23Sidan fylgde mannen deim inn i huset hans Josef, og gav deim vatn, so dei fekk två føterne sine, og gav deim for til asni.Select Genesis 43:23

24So lagde dei gåvorne til reide, til Josef skulde koma heim til middags; for dei hadde høyrt at dei skulde eta der.Select Genesis 43:24

25Då so Josef kom heim, bar dei inn til honom gåvorne som dei hadde med seg, og lagde seg å gruve for honom.Select Genesis 43:25

26Og han spurde korleis dei livde, og sagde: «Stend det vel til med den gamle far dykkar, som de tala um? Liver han endå?»Select Genesis 43:26

27«Ja,» svara dei, «det stend vel til med far vår, tenaren din. Han liver endå.» Og dei bøygde seg og kasta seg å gruve for honom.Select Genesis 43:27

28Då han fekk auga på Benjamin, bror sin, son åt hans eigi mor, sagde han: «Er dette den yngste bror dykkar, som de tala til meg um? - Gud signe deg, guten min!» sagde han.Select Genesis 43:28

29Og Josef skunda seg burt. For hjarta hans kløktest, då han såg bror sin, so han laut få gråta. Og han gjekk inn i koven og gret.Select Genesis 43:29

30So tvo han seg i andlitet, og gjekk ut att, og han gjorde seg hard, og sagde: «Set maten fram!»Select Genesis 43:30

31Då sette dei fram, for honom i ser, og for deim i ser, og for egyptarane i ser, deim som åt hjå honom; for egyptarane torer ikkje eta i lag med hebræarane; dei held det for å vare ufjelgt.Select Genesis 43:31

32Dei vart sessa midt fyre honom etter alderen, frå den eldste til den yngste, og dei såg på kvarandre og undrast.Select Genesis 43:32

33Og det vart sendt um til deim av dei retterne som han sjølv åt av, og Benjamin fekk fem gonger so mykje som dei andre. Og dei drakk med honom, og vart fjåge.Select Genesis 43:33

Next: Genesis 44Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Genesis

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.