Skip to content
Church.wiki
Genesis

Genesis 44

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Sidan sagde han med den som stod fyre huset hans: «Fyll sekkjerne åt desse mennerne med grjon, so mykje som dei kann føra, og legg pengarne åt kvar av deim ovanpå i sekken hans.Select Genesis 44:1

2Og staupet mitt, sylvstaupet, det skal du leggja øvst i sekken åt den yngste av deim, i hop med kornpengarne hans.» Og han gjorde som Josef sagde honom fyre.Select Genesis 44:2

3Um morgonen, med same det ljosna, let dei mennerne fara av stad med asni sine.Select Genesis 44:3

4Dei var ikkje langt utum byen komne, då Josef sagde med den som stod fyre huset hans: «Upp, og set etter mennerne, og fyrst du når deim att, so seg ned deim: «Kvi løner de godt med ilt?Select Genesis 44:4

5Er ikkje dette det staupet som husbonden min drikk av, og som han plar spå i? Dette var ille gjort av dykk!»»Select Genesis 44:5

6Og han tok deim att, og sagde dette med deim.Select Genesis 44:6

7Då sagde dei med honom: «Kvi talar du soleis, herre? Gud frie tenarane dine frå å gjera slikte ting.Select Genesis 44:7

8Sjå no, dei pengarne som me fann øvst i sekkjerne våre, deim hadde me med hit til deg att frå Kana’ans-landet. Kvi skulde me då stela sylv eller gull utor huset åt husbonden din?Select Genesis 44:8

9Den av tenarane dine som det vert funne hjå, han skal døy, og me andre skal vera trælarne dine.»Select Genesis 44:9

10«Ja,» sagde han, «lat det vera so som de segjer! Den som det vert funne hjå, skal vera trælen min, men dei andre skal vera saklause.»Select Genesis 44:10

11So skunda dei seg, og lyfte klyvjarne ned på marki, og løyste upp kvar si klyv.Select Genesis 44:11

12Og han rannsaka; han tok til hjå den eldste, og enda hjå den yngste. Og staupet vart funne i sekken hans Benjamin.Select Genesis 44:12

13Då reiv dei sund klædi sine, og klyvja på asni att, og for attende til byen.Select Genesis 44:13

14Og Juda og brørne hans gjekk inn til huset åt Josef, for han var der endå, og dei kasta seg å gruve for honom.Select Genesis 44:14

15Og Josef sagde med deim: «Kva er det de hev gjort no? Veit de ikkje at ein mann som eg kann finna ut det som er dult?»Select Genesis 44:15

16Då sagde Juda: «Kva skal me segja til deg, herre? Korleis skal me taka til ords? Kva skal me orsaka oss med? Gud hev funne brotet åt tenarane dine. Sjå, me vil vera trælarne dine, både me og han som staupet vart funne hjå.»Select Genesis 44:16

17Men han sagde: «Gud frie meg frå å gjera slikt! Den som staupet vart funnen hjå, han skal vera trælen min. Men de andre kann fara i fred heim til far dykkar.»Select Genesis 44:17

18Då steig Juda fram for honom og sagde: «Høyr meg, herre! Lat tenaren din få tala eit ord til deg, herre, og lat ikkje vreiden din loga upp mot tenaren din! For du er som Farao sjølv!Select Genesis 44:18

19Du spurde oss, herre, og sagde: «Hev de nokon far eller bror?»Select Genesis 44:19

20Då sagde me til deg: «Ja, me hev ein gamall far, og han hev ein liten son, som han fekk på sine gamle dagar, bror åt denne sveinen er burte, og han er att åleine etter mor si, og far hans held honom so kjær.»Select Genesis 44:20

21Og du sagde til oss: «Kom hit til meg med honom, so eg fær sjå honom med mine eigne augo!»Select Genesis 44:21

22Då sagde me til deg: «Sveinen må ikkje skiljast frå far sin; skilst han ifrå honom, so døyr faren.»Select Genesis 44:22

23Og du sagde til oss: «Kjem ikkje yngste bror dykkar hit med dykk, so skal de ikkje oftare koma for augo mine.»Select Genesis 44:23

24Då me so kom heim att til far vår, tenaren din, fortalde me honom kva du hadde sagt, herre.Select Genesis 44:24

25Og far vår sagde: «Far i vegen att og kjøp noko grjon åt oss!»Select Genesis 44:25

26Då sagde me: «Me torer ikkje koma der att. Men er yngste bror vår med oss, so skal me fara der ned. For me fær ikkje koma mannen for augo utan yngste bror vår er med.»Select Genesis 44:26

27Og far vår sagde med oss: «De veit at eg fekk tvo søner med kona mi.Select Genesis 44:27

28Og den eine vart burte for meg, og eg sagde: «Han er visst ihelriven;» for eg hev aldri set honom sidan.Select Genesis 44:28

29Tek de no denne og ifrå meg, og vert han fyre ei uheppa, so kjem de til å senda dei grå håri mine med sut og harm ned i nåheimen.»Select Genesis 44:29

30Skal eg no koma heim til far min, og me hev ikkje med oss sveinen, som hjarta hans heng so fast ved,Select Genesis 44:30

31då vert det dauden hans, med same han ser at sveinen ikkje er med, og me lyt senda dei grå håri åt far vår med sut og sorg ned i nåheimen.Select Genesis 44:31

32For eg tok på meg å svara for sveinen hjå far min, og sagde: «Kjem eg ikkje heim til deg att med honom, so skal eg vera saka i det for far min alle mine dagar!»Select Genesis 44:32

33Lat difor meg få vera att i staden for sveinen, og vera trælen din, og lat sveinen få fara heim att med brørne sine.Select Genesis 44:33

34For korleis kunde eg koma heim att til far min, når sveinen ikkje var med? Eg tolde ikkje sjå på den sorg som då kom yver far min.»Select Genesis 44:34

Next: Genesis 45Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Genesis

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.