Genesis 46
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og Israel tok ut med alt det han hadde, og då han kom til Be’erseba, ofra han slagtoffer til honom som var Gud åt Isak, far hans.Select Genesis 46:1
2Då tala Gud til Israel i syner um natti, og sagde: «Jakob, Jakob!» Og han svara: «Ja, her er eg.»Select Genesis 46:2
3Då sagde han: «Eg er Gud, Gud åt far din. Ver ikkje rædd å fara ned til Egyptarland; for der vil eg gjera deg til eit stort folk.Select Genesis 46:3
4Eg skal fara med deg ned til Egyptarland, og eg skal fylgja deg upp att og; det kann du lita på! Og Josef skal leggja att augo dine.»Select Genesis 46:4
5So tok Jakob ut frå Be’erseba, og Israels-sønerne køyrde Jakob, far sin, og borni og konorne sine i dei vognerne som Farao hadde sendt til å henta honom i.Select Genesis 46:5
6Og dei tok med seg bufeet sitt og godset sitt, som dei hadde lagt seg til i Kana’ans-land. So kom dei til Egyptarland, Jakob og all hans ætt med honom:Select Genesis 46:6
7Sønerne og sonesønerne sine, døtterne og sonedøtterne sine, heile si ætt, hadde han med seg til Egyptarland.Select Genesis 46:7
8Og dette er namni på Israels-sønerne som kom til Egyptarland, Jakob og sønerne hans: Ruben, eldste son åt Jakob,Select Genesis 46:8
9og sønerne åt Ruben: Hanok og Pallu og Hesron og Karmi;Select Genesis 46:9
10og sønerne åt Simeon: Jemuel og Jamin og Ohad og Jakin og Sohar og Saul, son åt kananitarkvinna;Select Genesis 46:10
11og sønerne åt Levi: Gerson og Kahat og Merari;Select Genesis 46:11
12og sønerne åt Juda: Er og Onan og Sela og Peres og Zerah; men Er og Onan døydde i Kana’ans-land - og sønerne åt Peres: Hesron og Hamul;Select Genesis 46:12
13og sønerne åt Issakar: Tola og Puva og Job og Simron;Select Genesis 46:13
14og sønerne åt Sebulon: Sered og Elon og Jahle’el.Select Genesis 46:14
15Dette var sønerne åt Lea; ho fekk deim med Jakob i Mesopotamia, og so Dina, dotter hans. Alle desse sønerne og døtterne hans var tri og tretti i tallet.Select Genesis 46:15
16Og sønerne åt Gad: Sifjon og Haggi, Suni og Esbon, Eri og Arodi og Areli;Select Genesis 46:16
17Og sønerne åt Asser: Jimna og Jisva og Jisvi og Bria, og so Serah, syster deira; og sønerne åt Bria: Heber og Malkiel.Select Genesis 46:17
18Dette var sønerne åt Zilpa, som Laban gav Lea, dotter si; ho fekk deim med Jakob, dei var sekstan i talet.Select Genesis 46:18
19Og sønerne åt Rakel, kona hans Jakob: Josef og Benjamin.Select Genesis 46:19
20Og Josef fekk born i Egyptarland; han fekk deim med Asnat, dotter åt Potifera, presten i On: dei heitte Manasse og Efraim.Select Genesis 46:20
21Og sønerne åt Benjamin: Bela og Beker og Asbel, Gera og Na’aman, Ehi og Ros, Muppim og Huppim og Ard.Select Genesis 46:21
22Dette var dei borni som Jakob fekk med Rakel; dei var i alt fjortan.Select Genesis 46:22
23Og sønerne åt Dan: Husim;Select Genesis 46:23
24og sønerne åt Naftali: Jahse’el og Guni og Jeser og Sillem.Select Genesis 46:24
25Dette var sønerne åt Bilha, som Laban gav Rakel, dotter si; ho fekk deim med Jakob, dei var i alt sju.Select Genesis 46:25
26Alle dei som kom med Jakob til Egyptarland, og som var ætta ifrå honom, umfram konorne åt sønerne hans, var alt i alt seks og seksti mann.Select Genesis 46:26
27Og sønerne åt Josef, som han fekk i Egyptarland, var tvo. Alle som kom til Egyptarland av Jakobs-ætti, var sytti i talet.Select Genesis 46:27
28Og han sende Juda fyre seg til Josef, og bad at han vilde syna deim vegen til Gosen. Og so kom dei til Gosenlandet.Select Genesis 46:28
29Og Josef let setja fyre vogni si, og for upp til Gosen, til møtes med Israel, far sin; og med same han fekk sjå honom, kasta han seg um halsen på honom, og gret lenge, med armarne um halsen hans.Select Genesis 46:29
30Då sagde Israel med Josef: «No vil eg gjerne døy, sidan eg hev set deg i andlitet, og veit at du endå er i live.»Select Genesis 46:30
31Og Josef sagde med brørne sine og med farsfolket sitt: «No vil eg upp til Farao og bera fram bod um dette og segja: «Brørne mine og farsfolket mitt, som var i Kana’ans-land, hev kome hit til meg.Select Genesis 46:31
32Og desse mennerne er sauehyrdingar; dei hev stødt drive med å ala fe, og sauerne og nauti sine og alt det dei eig, hev dei havt med seg hit.»Select Genesis 46:32
33Når so Farao kallar dykk til seg og spør: «Kva hev de til liveveg?»Select Genesis 46:33
34so skal de svara: «Fehyrdingar hev tenarane dine vore alt ifrå ungdomen og til no, både me og federne våre» - so de kann få bu i Gosenlandet; for egyptarane hev ein stygg til alle sauehyrdingar.»Select Genesis 46:34
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain