Genesis 5
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Dette er boki um Adams-ætti: Den dagen då Gud skapte menneskjet, skapte han det i Guds likning.Select Genesis 5:1
2Til kar og kvinna skapte han deim. Og han velsigna deim, og kalla deim menneskje den dagen då dei vart skapte.Select Genesis 5:2
3Då Adam var hundrad og tretti år gamall, fekk han ein son som var so lik honom som det skulde vore hans eige bilæte, og han kalla honom Set.Select Genesis 5:3
4Og etter han hadde fenge Set, livde han endå åtte hundrad år, og fekk søner og døtter.Select Genesis 5:4
5Og alle livedagarne hans Adam vart ni hundrad og tretti år. So døydde han.Select Genesis 5:5
6Då Set var hundrad og fem år gamall, fekk han sonen Enos.Select Genesis 5:6
7Og etter han hadde fenge Enos, livde han endå åtte hundrad og sju år, og fekk søner og døtter.Select Genesis 5:7
8Og alle dagarne hans Set vart ni hundrad og tolv år. So døydde han.Select Genesis 5:8
9Då Enos var nitti år gamall, fekk han sonen Kenan.Select Genesis 5:9
10Og etter han hadde fenge Kenan, livde han endå åtte hundrad og femtan år, og fekk søner og døtter.Select Genesis 5:10
11Og alle dagarne hans Enos vart ni hundrad og fem år. So døydde han.Select Genesis 5:11
12Då Kenan var sytti år gamall, fekk han sonen Mahalalel.Select Genesis 5:12
13Og etter han hadde fenge Mahalalel, livde han endå åtte hundrad og fyrti år, og fekk søner og døtter.Select Genesis 5:13
14Og alle dagarne hans Kenan vart ni hundrad og ti år. So døydde han.Select Genesis 5:14
15Då Mahalalel var fem og seksti år gamall, fekk han sonen Jared.Select Genesis 5:15
16Og etter han hadde fenge Jared, livde han endå åtte hundrad og tretti år, og fekk søner og døtter.Select Genesis 5:16
17Og alle dagarne hans Mahalalel vart åtte hundrad og fem og nitti år. So døydde han.Select Genesis 5:17
18Då Jared var hundrad og tvo og seksti år gamall, fekk han sonen Enok.Select Genesis 5:18
19Og etter han hadde fenge Enok, livde han endå åtte hundrad år, og fekk søner og døtter.Select Genesis 5:19
20Og alle dagarne hans Jared vart ni hundrad og tvo og seksti år. So døydde han.Select Genesis 5:20
21Då Enok var fem og seksti år gamall, fekk han sonen Metusalah.Select Genesis 5:21
22Og etter han hadde fenge Metusalah, gjekk han på Guds veg i tri hundrad år, og han fekk søner og døtter.Select Genesis 5:22
23Og alle dagarne hans Enok vart tri hundrad og fem og seksti år.Select Genesis 5:23
24Enok gjekk på Guds veg, og brått vart han burte; for Gud tok honom til seg.Select Genesis 5:24
25Då Metusalah var hundrad og sju og åtteti år gamall, fekk han sonen Lamek.Select Genesis 5:25
26Og etter han hadde fenge Lamek, livde han endå sju hundrad og tvo og åtteti år, og fekk søner og døtter.Select Genesis 5:26
27Og alle dagarne hans Metusalah vart ni hundrad og ni og seksti år. So døydde han.Select Genesis 5:27
28Då Lamek var hundrad og tvo og åtteti år gamall, fekk han ein son,Select Genesis 5:28
29og kalla honom Noah, og sagde: «Han skal hugga oss i arbeidet vårt, og i alt vårt slit og slæp på den jordi som Herren hev forbanna.»Select Genesis 5:29
30Og etter han hadde fenge Noah, livde han endå fem hundrad og fem og nitti år, og fekk søner og døtter.Select Genesis 5:30
31Og alle dagarne hans Lamek vart sju hundrad og sju og sytti år. So døydde han.Select Genesis 5:31
32Då Noah hadde fyllt fem hundrad år, fekk han sønerne Sem og Kham og Jafet.Select Genesis 5:32
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain