Skip to content
Church.wiki
Exodus

Exodus 11

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Då sagde Herren til Moses: «Endå ei ulukke vil eg føra yver Farao og egyptarane, so skal han sleppa dykk av; han skal ikkje berre gjeva dykk lov til å fara, men beint fram driva dykk ut.Select Exodus 11:1

2Seg no du med folket at kvar mann skal beda grannen sin, og kvar kona grannekona si, um sylv og gull!»Select Exodus 11:2

3Og Herren gjorde det so at egyptarane fekk godvilje for Israels-folket; og so var og Moses ein ovstor mann i Egyptarlandet, både for kongsmennerne og for hitt folket.Select Exodus 11:3

4Og Moses sagde: «So segjer Herren: «Når det lid til midnatt, vil eg fara midt igjenom Egyptarland.Select Exodus 11:4

5Då skal det døy, alt som frumbore er i Egyptarlandet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sit i høgsetet sitt, til den frumborne sonen åt trælkjerringi, som sit og dreg handkverni, og alle frumsungarne i buskapen.Select Exodus 11:5

6Og frå heile Egyptarland skal det stiga eit øgjeleg skrik, so ingen skal hava høyrt slikt illskrik anten fyrr eller sidan.Select Exodus 11:6

7Men ikkje ein hund skal gøy på nokon i Israel, korkje på folk eller fe. Då skal de verta vare at Herren gjer skil på egyptarane og Israel.»Select Exodus 11:7

8Og alle desse mennerne dine skal koma til meg, og kasta seg ned for meg og segja: «Far herifrå, både du og heile det folket som fylgjer deg!» Og so skal eg fara.» Og han gjekk burt frå Farao i brennande harm.Select Exodus 11:8

9Då Herren sagde til Moses: «Farao skal ikkje høyra på dykk, so eg kann få gjort mange under i Egyptarlandet,»Select Exodus 11:9

10so gjorde Moses og Aron alle desse underi for augo åt Farao; men Herren hadde lagt so strid ein hug i Farao, og han slepte ikkje Israels-folket or landet sitt.Select Exodus 11:10

Next: Exodus 12Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Exodus

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.