Skip to content
Church.wiki
Exodus

Exodus 16

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1So tok dei ut att frå Elim, og femtande dagen i andre månaden etter at dei hadde fare frå Egyptarlandet, kom heile Israels-lyden til Sinheidi, som ligg millom Elim og Sinai.Select Exodus 16:1

2Medan dei var der i øydemarkerne, tok heile Israels-lyden til å mukka mot Moses og Aron,Select Exodus 16:2

3og sagde: «Det vøre betre me hadde døytt for Herrens hand i Egyptarlandet, då me sat uppyver kjøtgrytorne og åt oss mette på brød. For no hev de ført oss ut i villmarki, so heile denne mannefjølden lyt døy av svolt.»Select Exodus 16:3

4Då sagde Herren til Moses: «Sjå no vil eg lata det regna brød åt dykk frå himmelen, og folket skal ganga ut kvar dag og sanka det dei treng for dagen; soleis vil eg røyna deim, um dei held seg etter lovi mi eller ikkje.Select Exodus 16:4

5Og når dei lagar til det dei kjem heim med sette dagen, då skal det vera ein gong til so mykje som det dei elles sankar um dagen.»Select Exodus 16:5

6So sagde Moses og Aron til alt Israels-folket: «I kveld skal de koma til å sanna at det er Herren som hev ført dykk ut or Egyptarlandet;Select Exodus 16:6

7og i morgon tidleg skal de få sjå kor stor Herren er; for han hev høyrt korleis de mukkar imot honom - kva er vel me? kann det vera verdt å mukka mot oss?Select Exodus 16:7

8De skal få sjå det,» sagde Moses, «når han gjev dykk kjøt å eta i kveld og brød i morgon tidleg, so de fær metten dykkar; for Herren hev høyrt korleis de murrar og mukkar imot honom - kva er vel me? det er ikkje oss de mukkar imot, men Herren.»Select Exodus 16:8

9So Moses sagde med Aron: «Seg til heile Israels-lyden: «Stig fram for Herrens åsyn! For han hev høyrt korleis de mukkar.»»Select Exodus 16:9

10Då hende det, medan Aron tala til heile Israels-lyden, og dei vende augo mot øydemarki, at Herrens herlegdom synte seg i skyi.Select Exodus 16:10

11Og Herren tala til Moses og sagde:Select Exodus 16:11

12«Eg hev høyrt korleis Israels-folket mukkar. Tala du til deim og seg: «I skumingi skal de få kjøt å eta, og i morgon tidleg skal de få metta dykk med brød, og de skal sanna, at eg er Herren, dykkar Gud.»»Select Exodus 16:12

13Då det so vart kvelden, kom enghønorne fljugande so tjukt, at dei tekte heile lægret, og um morgonen hadde det lagt seg dalskodd rundt ikring lægret,Select Exodus 16:13

14og då skoddi letta, fekk dei sjå noko fint, kornut, burtyver heidi; det låg tunt som ei hela på marki.Select Exodus 16:14

15Då Israels-folket såg det, sagde dei seg imillom: «Kva er dette?» For dei visste ikkje kva det var. Då sagde Moses til deim: Det er det brødet som Herren hev gjeve dykk å eta.Select Exodus 16:15

16Høyr no kva Herren hev sagt: «De skal sanka av det so mykje de treng, ei kanna til manns, etter som de hev folk til; kvar skal henta åt deim som høyrer til huset hans.Select Exodus 16:16

17Og Israels-folket gjorde som han sagde, og sanka, sume mykje og sume lite.Select Exodus 16:17

18Men då dei mælte det i kannemålet, gjekk det inkje av for deim som hadde sanka mykje, og det som mindre hadde sanka, leid ingen skort; kvar hadde sanka det han turvte.Select Exodus 16:18

19Og Moses sagde til deim: Ingen må leiva noko av det til morgons.»Select Exodus 16:19

20Men dei høyrde ikkje på Moses, og sume etla att noko til morgonmålet; då kvikna det makk i det, og det stod ei vond tev av det. Og Moses vart vreid på deim.Select Exodus 16:20

21Sidan sanka dei det morgon etter morgon, kvar etter som han trong til. Men når soli tok til å hita, so bråna det.Select Exodus 16:21

22So hende det sette dagen at dei fann ein gong til so mykje brød som elles, tvo kannor til manns, og alle dei øvste av lyden kom og sagde det med Moses.Select Exodus 16:22

23Då sagde han til deim: «Det er det Herren hev sagt: «I morgon er det kviledag, helgekvild for Herren.» Baka no det de vil, og koka det de vil! Men alt det som vert att, skal de leggja burt og gøyma til morgons.»Select Exodus 16:23

24So lagde dei det burt til um morgonen, som Moses sagde, og det stod ingen illtev av det, og kom ikkje makk i det.Select Exodus 16:24

25Og Moses sagde: «Et det i dag, for i dag er det kviledag for Herren; i dag finn de ikkje noko på marki.Select Exodus 16:25

26Seks dagar skal de sanka det; men den sjuande dagen er det helg; då er det ikkje å finna.»Select Exodus 16:26

27Likevel var det nokre av folket som gjekk ut den sjuande dagen og vilde sanka, men dei fann inkje.Select Exodus 16:27

28Då sagde Herren til Moses: «Kor lenge skal det vara fyrr de vil lyda bodi og loverne mine?Select Exodus 16:28

29Kom i hug: Herren hev gjeve dykk kviledagen; difor er det at han sette dagen gjev dykk brød for tvo dagar. Haldt dykk no heime, kvar hjå seg! Ingen gange burt frå bustaden sin sjuande dagen!»Select Exodus 16:29

30Sidan heldt folket seg i ro den sjuande dagen.Select Exodus 16:30

31Israels-ætti kalla det brødet manna; det liktest korianderfrø; det var kvitt på liten, og smaka som vaflar med honning.Select Exodus 16:31

32Og Moses sagde: «Høyr no kva Herren segjer til dykk: «Ein full kanna med manna skal de gøyma, mann etter mann, so etterkomarane dykkar kann sjå det brødet eg gav dykk å eta i øydemarki, då eg fylgde dykk ut or Egyptarlandet!»»Select Exodus 16:32

33So sagde han til Aron: «Tak ei krukka og hav upp i henne ei full kanna med manna, og set det ned for Herrens åsyn, so det vert gøymt frå mann til mann.»Select Exodus 16:33

34Og Aron gjorde som Herren hadde sagt til Moses, og sette det ned framfor lovtavlorne: der skulde det gøymast.Select Exodus 16:34

35Israels-folket åt manna i fyrti år, til dess dei kom til bygde land; manna åt dei alt til dei kom til utenden av Kana’ans-landet.Select Exodus 16:35

36Ei kanna, det var tiandeparten av ei skjeppa.Select Exodus 16:36

Next: Exodus 17Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Exodus

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.