Skip to content
Church.wiki
Exodus

Exodus 17

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1So tok heile Israels-lyden ut frå Sinheidi, og for dagsleid etter dagsleid, soleis som Herren sagde deim fyre. Sidan lægra dei seg i Refidim; med der fanst det ikkje vatn so folket kunde få drikka.Select Exodus 17:1

2Og folket trætta med Moses og sagde: «Gjev oss vatn, so me fær drikka!» Då sagde Moses med deim: «Kvi trættar de med meg? Kvi freistar de Herren?»Select Exodus 17:2

3Men folket tyrsta etter vatn, og dei mukka mot Moses og sagde: «Kvi hev du då ført oss burt frå Egyptarland? Vil du då at me og borni våre og feet vårt skal døy av torste?»Select Exodus 17:3

4Då ropa Moses til Herren og sagde: «Kva skal eg gjera med dette folket? Det er ikkje lenge fyrr dei steinar meg!»Select Exodus 17:4

5Og Herren sagde til Moses: «Far i veg fyre folket! Få med deg nokre av dei øvste i Israel, og staven din som du slo i elvi med, tak den i handi, og gakk so!Select Exodus 17:5

6Du skal få sjå meg standa midt for augo dine uppyver ei ufs der burte på Horeb; då skal du slå på ufsi, og det skal koma vatn ut or henne, so folket fær drikka.» Moses gjorde som Herren sagde, so dei øvste i Israel såg på det.Select Exodus 17:6

7Den staden kalla han Massa og Meriba, av di at Israels-folket trætta med honom, og av di dei freista Herren og sagde: «Er Herren imillom oss eller ikkje?»Select Exodus 17:7

8Sidan kom Amalek-mennerne og gav seg i strid med Israel i Refidim.Select Exodus 17:8

9Då sagde Moses til Josva: «Vel oss ut nokre menner, og tak ut og haldt slag med Amalek-heren, so skal eg i morgon standa øvst på haugen med gudsstaven i handi.»Select Exodus 17:9

10Josva gjorde som Moses sagde til honom og slost med Amalek-heren, og Moses og Aron og Hur steig upp på høgste haugen.Select Exodus 17:10

11Då gjekk det so at når Moses heldt handi i veret, hadde Israel yvertaket, og når han let handi siga, so vann Amalek.Select Exodus 17:11

12Men so tok Moses til å trøytna i henderne; då tok dei ein stein og lagde til rettes for honom; den sette han seg på, og Aron og Hur studde henderne hans, ein på kvar sida. Då heldt han henderne støde alt til soli var gladd.Select Exodus 17:12

13Josva hogg ned Amalek-kongen og folket hans med kvasse sverdet.Select Exodus 17:13

14Og Herren sagde til Moses: «Skriv dette upp i ei bok, so det ikkje gjeng dykk or minne, og lat Josva feste det i hugen at eg vil rydja ut av jordi alt som ber Amalek-namnet.»Select Exodus 17:14

15Då bygde Moses eit altar og kalla det: «Herren er hermerket mitt»,Select Exodus 17:15

16og han kvad: «Frå Herrens høgsæte ei hand er lyft! Med ufred søkjer han Amalek, ætt for ætt.»Select Exodus 17:16

Next: Exodus 18Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Exodus

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.