Skip to content
Church.wiki
Exodus

Exodus 22

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Når ein mann stel eit naut eller ein sau, og slagtar eller sel deim, då skal han gjeva fem naut i staden for nautet, og fire sauer for sauen.Select Exodus 22:1

2Vert tjuven teken, medan han bryt seg inn, og slegen so han døyr, so skal det ikkje reknast for manndråp.Select Exodus 22:2

3Men gjeng det fyre seg etter soli hev runne, so vert det ei dråpssak. Tjuven skal gjeva full bot. Eig han ikkje so mykje, so skal han seljast til bot for det han hev stole.Select Exodus 22:3

4Vert tjuvegodset funne hjå honom, anten det er naut eller asen eller sau, og det endå er livande, so skal han bøta tvo for eitt.Select Exodus 22:4

5Når ein mann beiter bøen eller vingarden sin, og slepper feet sitt utyver, so det gjer skade på annan manns eiga, då skal han gjeva i bot det beste som veks på bøen eller i vingarden hans.Select Exodus 22:5

6Når det kjem upp lauseld og det fatar i eit klungergjerde, og kornskurv eller uskore korn eller heile åkeren brenn upp, då skal den bøta skaden som kveikte elden.Select Exodus 22:6

7Når ein mann hev gjeve grannen sin pengar eller eignaluter til gøymings, og det vert stole utor huset det ligg i, då skal tjuven, so sant han vert funnen, tvibøta det.Select Exodus 22:7

8Men vert ikkje tjuven funnen, so skal huseigaren ganga fram for Gud og vitna at han ikkje hev rett ut handi si etter det som grannen hans åtte.Select Exodus 22:8

9Kvar gong det gjeld ei tjuvesak, anten det er eit naut eller eit asen eller ein sau eller klæde eller eitkvart anna som er burtkome, og so ein segjer: «Her er det!» då skal dei båe ganga fram for Gud, og den som Gud dømer skuldig, skal bøta tvifaldt til den andre.Select Exodus 22:9

10Når ein mann hev sett burt eit asen eller eit naut eller ein sau eller noko anna dyr til grannen sin, og det døyr, eller kjem til skade, eller vert rana vitnelaust,Select Exodus 22:10

11då skal eiden skilja millom deim: han skal kalla Herren til vitne på at han ikkje hev rett ut handi etter det som grannen hans åtte; den eiden skal eigaren taka for god, og hin skal ingi bot leggja.Select Exodus 22:11

12Men vert det stole frå honom, so skal han gjera eigaren like for det.Select Exodus 22:12

13Vert det ihelrive, so skal han syna det fram til prov; skaden skal han ikkje bøta.Select Exodus 22:13

14Når ein mann låner fe av ein annan, og det kjem til skade eller døyr, og eigaren ikkje er med, skal han gjeva full bot,Select Exodus 22:14

15men er eigaren med, so skal han ikkje bøta. Er det ein leigekar, so gjeng det av på løni hans.Select Exodus 22:15

16Når ein lokkar ei møy som ikkje er trulova, og ligg hjå henne, då skal han gjeva henne festargåvor, og taka henne til kona.Select Exodus 22:16

17Vil ikkje faren lata honom få henne, so skal hin leggja so mange pengar som møyar er vane å få i festargåva.Select Exodus 22:17

18Ei trollkjerring skal du ikkje lata liva.Select Exodus 22:18

19Kvar den som blandar seg med fe, skal lata livet.Select Exodus 22:19

20Den som ofrar til avgudarne og ikkje til Herren åleine, han skal vera bannstøytt.Select Exodus 22:20

21Dei framande skal du ikkje plåga eller fara hardt med; for de var sjølve framande i Egyptarlandet.Select Exodus 22:21

22Enkjor og farlause skal de aldri vera harde mot.Select Exodus 22:22

23Er de harde mot deim, og dei ropar til meg, so skal eg visst og sant høyra ropi deira,Select Exodus 22:23

24og harmen min skal loga upp, og eg skal slå dykk med sverdet, so dykkar konor vert enkjor og borni dykkar farlause.Select Exodus 22:24

25Låner du nokon av folket mitt, den fatige grannen din, pengar, so skal du ikkje fara som ein okrar med honom; de skal ikkje krevja renta av honom.Select Exodus 22:25

26Fær du kjolen åt grannen din i vissa, so lat honom få honom att fyre soleglad.Select Exodus 22:26

27For den er det einaste han hev til å sveipa kring seg; det er det han skal klæda likamen sin med; kva skal han elles liggja i? Og når han ropar til meg, skal eg høyra det; for eg er hjartemild.Select Exodus 22:27

28Gud skal du ikkje hæda, og ein hovding i folket ditt skal du ikkje banna.Select Exodus 22:28

29Du skal ikkje drygja med å gjeva meg av det som fyller løda di, og som dryp frå vinpersa di. Den frumborne sonen din skal du gjeva meg.Select Exodus 22:29

30Det same skal du gjera med nauti dine og småfeet ditt; sju dagar skal frumsungen fylgja mor si; den åttande dagen skal du lata meg få honom.Select Exodus 22:30

31Heilage menner skal de vera meg. Kjøt som de finn ihelrivne på marki, skal de ikkje eta; for hundarne skal de kasta det.Select Exodus 22:31

Next: Exodus 23Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Exodus

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.