Skip to content
Church.wiki
Exodus

Exodus 25

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Og Herren tala til Moses, og sagde:Select Exodus 25:1

2«Seg med Israels-folket at dei skal koma med ei reida til meg! Kvar skal gjeva etter som han hev hjartelag til, og det dei gjev meg, skal de taka imot.Select Exodus 25:2

3Gåvorne som de skal taka imot av deim, det lyt vara gull og sylv og koparSelect Exodus 25:3

4og purpur og skarlak og karmesin og kvitt lin og geiteraggSelect Exodus 25:4

5og raudlita verskinn og markuskinn og akazietre,Select Exodus 25:5

6olje til ljosestaken, kryddor til salvingsoljen og til den angande røykjelsen,Select Exodus 25:6

7sjohamsteinar og andre dyre steinar til å setja på messehakelen og bringeduken.Select Exodus 25:7

8Og dei skal gjera meg ein heilagdom, so vil eg bu imillom dei.Select Exodus 25:8

9Både huset eg skal bu i og all husbunaden skal de i alle måtar gjera etter det bilætet eg vil syna deg.Select Exodus 25:9

10Dei skal gjera ei kiste av akazietre, halvtridje aln lang og halvonnor aln breid og halvonnor aln høg.Select Exodus 25:10

11Den skal du klæda med skirt gull, både utan og innan skal du gullklæda henne, og gjera ein gullkrans på henne, rundt ikring.Select Exodus 25:11

12Du skal støypa fire gullringar, og festa deim i dei fire føterne på kista, tvo på den eine sida og tvo på den andre.Select Exodus 25:12

13So skal du gjera stenger av akazietre og klæda deim med gull,Select Exodus 25:13

14og smøygja deim inn i ringarne på sidorne av kista; dei skal vera til å bera henne etter.Select Exodus 25:14

15Stengerne skal allstødt sitja i ringarne på kista; dei må aldri takast utor.Select Exodus 25:15

16I den kista skal du leggja lovtavlorne som eg vil gjeva deg.Select Exodus 25:16

17So skal du gjera eit lok av skirt gull, halvtridje aln lang og halvonnor aln breidt.Select Exodus 25:17

18På endarne av det skal vera tvo kerubar; deim skal du gjera av drive gull.Select Exodus 25:18

19Den eine keruben skal vera ytst på den eine enden og den andre ytst på hin enden; i eitt med loket skal de gjera kerubarne, ein på kvar ende.Select Exodus 25:19

20Kerubarne skal halda vengjerne utbreidde og upplyfte, so dei tekkjer yver loket med vengjerne sine, og andliti deira skal snu imot einannan: dei skal vende augo mot loket.Select Exodus 25:20

21So skal du leggja loket på kista, og inni kista skal du leggja lovtavlorne som eg vil gjeva deg.Select Exodus 25:21

22Og sidan vil eg møtast med deg der; frå romet yver loket millom båe kerubarne som er ovanpå lovtavlekista, vil eg tala med deg kvar gong eg sender deg med bod til Israels-folket.Select Exodus 25:22

23So skal du gjera eit bord av akazietre, tvo alner langt og ei aln breidt og halvonnor aln høgt.Select Exodus 25:23

24Du skal klæda det med skirt gull, og gjera ein gullkrans på det, rundt ikring.Select Exodus 25:24

25Ei løvdebreid list skal du gjera rundt um det, og på listi skal du gjera ein gullkrans, som gjeng heilt ikring.Select Exodus 25:25

26So skal du gjera fire gullringar, og deim skal du setja i dei fire hyrno på dei fire bordføterne.Select Exodus 25:26

27Tett uppmed listi skal ringarne sitja; dei skal vera til å smøygja berestenger inn i.Select Exodus 25:27

28Stengerne skal du gjera av akazietre, og klæda deim med gull; deim er det bordet skal berast i.Select Exodus 25:28

29Sidan skal du gjera dei fati og skålerne som høyrer til bordet, og kannorne og bollarne som de skal skjenkja drykkoffer av; alt dette skal du gjera av skirt gull.Select Exodus 25:29

30På bordet skal du allstødt setja fram skodebrød for meg.Select Exodus 25:30

31So skal du gjera ein ljosestake av skirt gull; drive arbeid skal det vera, både hoven og leggen. På staken skal det vera blomar, knuppar og utsprotne blad, og dei skal vera samgjorde med honom.Select Exodus 25:31

32Seks armar skal greina seg ut ifrå honom, tri på den eine sida og tri på den andre.Select Exodus 25:32

33På den eine armen skal det vera tri utsprotne mandelblomar, med knupp og blad, og på den andre armen skal og vera tri utsprotne mandelblomar, med knupp og blad, og soleis på alle dei seks armarne som greinar seg ut ifrå ljosestaken.Select Exodus 25:33

34På sjølve staken skal det vera fire utsprotne mandelblomar, med knupp og blad:Select Exodus 25:34

35ein blomsterknupp under dei fyrste tvo armarne, og ein under dei næste tvo armarne, og ein under det tridje paret av dei seks armarne som greinar seg ut ifrå ljosestaken.Select Exodus 25:35

36Både blomsterknupparne og armarne skal vera samsmidde med staken: alt skal vera eitt heilgjort arbeid av drive skirt gull.Select Exodus 25:36

37So skal du gjera lamporne til ljosestaken, sju i talet, og dei skal setjast upp so ljoset fell på den veggen som er midt imot staken.Select Exodus 25:37

38Sakserne og saksplatorne som høyrer til, skal vera av skirt gull.Select Exodus 25:38

39Tri vågar skirt gull skal de bruka til ljosestaken og alle desse gognerne.Select Exodus 25:39

40Sjå no til at du fær gjort dette etter det bilætet som vart synt deg på fjellet.Select Exodus 25:40

Next: Exodus 26Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Exodus

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.