Skip to content
Church.wiki
Exodus

Exodus 26

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Huset skal du gjera av ti åklædevever av kvitt tvinna lingarn og purpur og skarlak og karmesin, og i deim skal du veva inn fagre englebilæte.Select Exodus 26:1

2Kvar vev skal vera åtte og tjuge alner lang og fire alner breid: alle veverne skal halda same målet.Select Exodus 26:2

3Fem av veverne skal skøytast i hop til eitt tæpe, og sameleis dei hine fem veverne.Select Exodus 26:3

4I jaren på den fyrste veven, ytst på det eine tæpet, skal du gjera lykkjor av purpurgarn, og sameleis i jaren på den ytste veven i det andre tæpet.Select Exodus 26:4

5Femti lykkjor skal du gjera på den fyrste veven, og femti lykkjor i jaren på den som høyrer til det andre tæpet; lykkjorne skal svara mot kvarandre.Select Exodus 26:5

6Og femti gullkrokar skal du gjera og hekta åklædetæpi i hop, so det vert eit hus av deim.Select Exodus 26:6

7So skal du veva ryor av geiteragg til tekkja yver huset; elleve ryor skal du veva.Select Exodus 26:7

8Kvar vev skal vera tretti alner lang og fire alner breid; alle dei elleve veverne skal halda same målet.Select Exodus 26:8

9Fem av ryeveverne skal du skøyta i hop til eit tæpe for seg, og dei hine seks til eit anna tæpe, og den sette veven skal du bretta i hop på framsida av taket.Select Exodus 26:9

10I jaren på den fyrste veven, den som er ytst i det eine tæpet, skal du gjera femti lykkjor, og i jaren på den andre skøytingsveven femti lykkjor.Select Exodus 26:10

11Og femti koparkrokar skal du gjera, og hekta deim i lykkjorne, og soleis festa raggetæpi i hop, so det vert eitt tak av deim.Select Exodus 26:11

12Vil du vita kva du skal gjera med det som gjeng av på raggetæpi, so skal helvti av den veven som gjeng av, hanga ned på baksida av huset,Select Exodus 26:12

13og den eine alni på kvar led som raggetæpi er for lange, skal hengjast ned etter båe sideveggjerne, til livd for huset.Select Exodus 26:13

14Yver raggetæpi skal du gjera eit tak av raudlita verskinn, og ovanpå det att eit tak av markuskinn.Select Exodus 26:14

15Veggjerne i huset skal du gjera av akazieplankar. Plankarne skal reisast på ende;Select Exodus 26:15

16dei skal vera ti alner lange og halvonnor aln breide,Select Exodus 26:16

17og på kvar av deim skal det vera tvo tappar med ei tverlist imillom. So skal du gjera med alle plankarne i huset.Select Exodus 26:17

18Tjuge av dei plankarne du gjer til huset, skal du reisa på solsida, mot sud.Select Exodus 26:18

19Og fyrti sylvstabbar skal du gjera og setja under dei tjuge plankarne, tvo under kvar planke, til å festa båe tapparne i.Select Exodus 26:19

20På den andre sida av huset, på nordsida, skal det og vera tjuge plankar,Select Exodus 26:20

21med sine fyrti sylvstabbar, tvo under kvar planke.Select Exodus 26:21

22Til baksida av huset, mot vest, skal du gjera seks plankar,Select Exodus 26:22

23og til hyrno på den same sida tvo plankar;Select Exodus 26:23

24dei skal vera tviluta alt nedantil, og båe luterne skal halda fullt mål heilt upp åt taket, til den fyrste ringen; so skal dei vera laga båe tvo; dei skal standa i kvar sitt hyrna.Select Exodus 26:24

25Soleis vert det på baksida åtte plankar med sylvstabbarne sine, tvo under kvar planke.Select Exodus 26:25

26So skal du gjera tverstokkar av akazietre, fem til den eine langveggen på huset,Select Exodus 26:26

27og fem til den andre langveggen, og fem til tverveggen på baksida av huset, mot vest.Select Exodus 26:27

28Midtstokken, den som er midt på plankeveggen, skal ganga langs etter heile veggen, frå ende til ende.Select Exodus 26:28

29Plankarne skal du klæda med gull, og ringarne på deim som tverstokkarne ligg i, skal du gjera heiltupp av gull; tverrstokkarne skal du og gullklæda.Select Exodus 26:29

30Du lyt setja upp huset på rette gjerdi, soleis som det vart synt deg på fjellet.Select Exodus 26:30

31So skal du gjera eit forheng av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn; væne englebilæte skal vera innvovne i det.Select Exodus 26:31

32Du skal festa det til fire gullklædde akaziestolpar, som det er gullhakar på, og som stend på fire sylvstabbar,Select Exodus 26:32

33og so skal du hengja det upp etter krokarne. Innanfor forhenget skal du setja lovtavlekista; og forhenget skal for dykk vera skilnaden millom det heilage og det heilagste romet.Select Exodus 26:33

34So skal du leggja loket på lovtavlekista, der ho stend i det heilagste romet.Select Exodus 26:34

35Bordet skal du setja utanfor forhenget, og ljosestaken midt imot bordet, innmed den søre veggen i huset; for bordet skal du setja innåt nordveggen.Select Exodus 26:35

36Til døri på tjeldet skal du gjera eit tæpe av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn. Det skal vera utsauma med rosor.Select Exodus 26:36

37Du skal gjera fem akaziestolpar til det, og deim skal du gullklæda; dei skal hava hakar av gull, og du skal støypa fem koparstabbar til deim.Select Exodus 26:37

Next: Exodus 27Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Exodus

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.