Skip to content
Church.wiki
Exodus

Exodus 27

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Altaret skal du gjera av akazietre, fem alner langt og fem alner breidt: firkanta skal altaret vera, og tri alner høgt.Select Exodus 27:1

2På kvart av dei fire hyrno skal du gjera eit horn, og horni skal vera i eitt med altaret. Heile altaret skal du klæda med kopar.Select Exodus 27:2

3Sidan skal du gjera dei oskefati som høyrer til, og eldskuflerne og blodbollarne og steikjespiti og glodpannorne; alle desse gognerne skal du gjera av kopar.Select Exodus 27:3

4So skal du laga ei kopargrind til altaret, på gjerd som eit net. På den grindi skal du gjera fire koparringar, ein i kvart hyrna,Select Exodus 27:4

5og so skal du setja henne under altarskori, nedantil, so ho rekk midt uppå altaret.Select Exodus 27:5

6So skal du gjera stenger til altaret. Dei skal vera av akazietre, og du skal klæda deim med kopar;Select Exodus 27:6

7dei skal smøygjast inn i ringarne, so dei er på båe sidor av altaret, når det vert bore.Select Exodus 27:7

8Altaret skal du gjera av bord; det skal vera holt. Som det vart synt deg på fjellet, so skal det gjerast.Select Exodus 27:8

9So skal du gjera eit tun kring huset, og det skal vera innegjerdt. På solsida, mot sud, skal du setja ein gard av kvitt linlereft; han skal vera hundrad alner lang på den sida.Select Exodus 27:9

10Stolparne i garden og stabbarne dei stend på, skal vera av kopar og tjuge i talet; men hakarne og teinarne som høyrer til, skal vera av sylv.Select Exodus 27:10

11Sameleis på den nørdre langsida ein lereftsgard som er hundrad alner langt, med tjuge stolpar og stabbar av kopar og hakar og teinar av sylv.Select Exodus 27:11

12På den eine tversida av tunet, mot vest, skal du setja ein lereftsgard på femti alner; i den skal det vera ti stolpar, og under deim ti stabbar.Select Exodus 27:12

13På den andre tversida, den som snur frametter, mot aust, skal tunet og halda femti alner på breiddi:Select Exodus 27:13

14Femtan alner lereftsgard skal det vera på den eine ledi, med tri stolpar og stabbarne som høyrer til,Select Exodus 27:14

15og på den andre leidi og femtan alner lereftsgard og tri stolpar med kvar sin stabbe;Select Exodus 27:15

16og i tunporten skal det vera eit tæpe av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn, tjuge alner breidt og utsauma med rosor; stolparne som det skal festast til og stabbarne dei stend på, skal vera fire i talet.Select Exodus 27:16

17Alle stolparne i garden skal vera bundne i hop med sylvteinar; hakarne på deim skal vera av sylv, og stabbarne under deim av kopar.Select Exodus 27:17

18Lengdi på tunet skal vera hundrad alner, og breiddi på båe sidor femti alner. Garden skal vera av kvitt linlereft, og fem alner høgt. Stabbarne til honom skal vera av kopar.Select Exodus 27:18

19Alle arbeidsgognerne i huset, og alle pålarne både til huset og garden skal vera av kopar.Select Exodus 27:19

20Seg no du til Israels-folket at dei skal gjeva deg skir olje av sundstøytte oljeber til ljosestaken, so lamporne kann setjast upp til kvar tid.Select Exodus 27:20

21I møtetjeldet, utanfor tæpet som heng attfor lovtavlorne, skal Aron og sønerne hans stella lamporne, so dei kann lysa for Herrens åsyn frå kveld til morgon; det skal vera ei fast sed hjå Israels-folket, ætt etter ætt, i all æva.Select Exodus 27:21

Next: Exodus 28Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Exodus

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.