Skip to content
Church.wiki
Exodus

Exodus 36

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Og Besalel og Åhåliab og alle dei andre kunstnarane, som Herren hadde gjeve vit og kunnskap, so dei veit korleis kvar ting skal gjerast, dei skal då laga til alt som skal arbeidast åt heilagdomen, etter det som Herren hev sagt.»Select Exodus 36:1

2So kalla Moses til seg Besalel og Åhåliab og alle hage menner som hadde fenge kunstnargåva frå Herren, alle som hugen dreiv til å taka fat på verket og fullføra det.Select Exodus 36:2

3Og dei fekk hjå Moses alt tilfanget til det som skulde arbeidast åt heilagdomen, alle dei gåvorne som Israels-borni var kome med. Men folket bar av seg sjølve nye gåvor til honom kvar morgon.Select Exodus 36:3

4Og alle dei meistrarne som stod fyre alt arbeidet på heilagdomen, kom ein for ein til Moses frå arbeidet sitt,Select Exodus 36:4

5og sagde: «Folket kjem med mykje meir enn me treng til det verket som Herren vil ha gjort.»Select Exodus 36:5

6Då let Moses ropa ut yver heile lægret: «Anten det er mann eller kvende, so tarv ingen syta for fleire gåvor til heilagdomen!» So let folket vera å koma med meir.Select Exodus 36:6

7Men det vyrket som var frambore var nok, og meir enn nok, til alt arbeidet som skulde gjerast.Select Exodus 36:7

8So tok då alle dei hagaste handverkararne til å arbeida på gudshuset. Dei gjorde det av ti åklædevever av kvitt tvinna lingarn og purpur og skarlak og karmesin, og i deim var det innvove fagre englebilæte.Select Exodus 36:8

9Kvar vev var åtte og tjuge alner lang og fire alner breid; alle veverne heldt same målet.Select Exodus 36:9

10Fem av veverne skøytte dei i hop til eit tæpe, og like eins dei hine fem veverne.Select Exodus 36:10

11I jaren på den fyrste veven, ytst på det eine tæpet, gjorde dei lykkjor av purpurgarn, og sameleis i jaren på den ytste veven i det andre tæpet.Select Exodus 36:11

12Femti lykkjor sette dei på den fyrste veven, og femti lykkjor i jaren på den som høyrde til det andre tæpet, soleis at lykkjorne svara mot kvarandre.Select Exodus 36:12

13Og femti gullkrokar gjorde dei og hekta åklædetæpi i hop med, so det vart eitt hus av deim.Select Exodus 36:13

14So vov dei ryor av geiteragg til tekkja yver huset; elleve ryor vov dei.Select Exodus 36:14

15Kvar vev var tretti alner lang og fire alner breid; alle dei elleve veverne heldt same målet.Select Exodus 36:15

16Fem av ryeveverne skøytte dei i hop til eit tæpe for seg, og dei hine seks til eit anna tæpe.Select Exodus 36:16

17I jaren på den ytste veven i det eine tæpet gjorde dei femti lykkjor, og i jaren på den andre skøytingsveven femti lykkjor.Select Exodus 36:17

18Og femti koparkrokar gjorde dei til å festa raggetæpi i hop med, so det skulle verta eit tak av deim.Select Exodus 36:18

19Sidan gjorde dei eit tak av raudlita verskinn til å leggja yver raggetæpi, og eit tak av markuskinn til å leggja ovanpå det att.Select Exodus 36:19

20So gjorde dei plankarne til husveggjerne. Dei var av akazietre, og vart reist på ende.Select Exodus 36:20

21Ti alner lange var dei og halvonnor aln breide,Select Exodus 36:21

22og på kvar planke var der tvo tappar med ei tverlist imillom. So gjorde dei med alle plankarne til huset.Select Exodus 36:22

23Tjuge av dei plankarne som dei gjorde til huset, var etla åt solsida, sudsida.Select Exodus 36:23

24Og fyrti sylvstabbar gjorde dei til å setja under desse tjuge plankarne, tvo stabbar under kvar planke, so båe tapparne kunne festast i deim.Select Exodus 36:24

25Til den andre sida av huset, nordsida, gjorde dei og tjuge plankar,Select Exodus 36:25

26med sine sylvstabbar, tvo til kvar planke.Select Exodus 36:26

27Til baksida av huset, vestsida, gjorde dei seks plankar,Select Exodus 36:27

28og til hyrno på den same sida, tvo plankar;Select Exodus 36:28

29dei var tviluta alt nedantil, og båe luterne held fullt mål heilt upp åt taket, til den fyrste ringen. So gjorde dei med båe tvo, med båe hyrnoplankarne.Select Exodus 36:29

30Soleis kom det på baksida åtte plankar med sine sylvstabbar, sekstan sylvstabbar, tvo til kvar planke.Select Exodus 36:30

31So gjorde dei tverstokkar av akazietre, fem til den eine langveggen på huset,Select Exodus 36:31

32og fem til den andre langveggen, og fem til tverveggen på baksida av huset, mot vest.Select Exodus 36:32

33Og midstokken laga dei so at ho skulde ganga tvert yver frå ende til ende, midt etter plankeveggen.Select Exodus 36:33

34Plankarne klædde dei med gull, og ringarne på deim, som tverstokkarne skulde liggja i, gjorde dei heiltupp av gull. Tverstengerne klædde dei og med gull.Select Exodus 36:34

35So gjorde dei forhenget. Det var av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn; væne englebilæte vov dei inn i.Select Exodus 36:35

36Dei gjorde fire akaziestolpar til å hengja det på, og klædde deim med gull; hakarne på deim var av gull, og dei støypte fire sylvstabbar til deim.Select Exodus 36:36

37Til tjelddøri gjorde dei eit tæpe av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn. Det var utsauma med rosor;Select Exodus 36:37

38dei gjorde fem stolpar til det, med hakarne som høyrde attåt, og klædde stolpehovudi og teinarne med gull; og dei fem stabbarne som høyrde til, gjorde dei av kopar.Select Exodus 36:38

Next: Exodus 37Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Exodus

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.