Exodus 37
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1So gjorde Besalel kista; ho var av akazietre, halvtridje aln lang og halvonnor aln breid og halvonnor aln høg.Select Exodus 37:1
2Han klædde henne med skirt gull både innan og utan, og gjorde ein gullkrans på henne rundt ikring.Select Exodus 37:2
3Og han støypte fire gullringar, som han feste i dei fire føterne på kista, tvo på den eine sida og tvo på den andre.Select Exodus 37:3
4So gjorde han stenger av akazietre, og klædde deim med gull,Select Exodus 37:4
5og smøygde deim inn i ringarne på sidorne av kista, til å bera henne etter.Select Exodus 37:5
6So gjorde han eit lok av skirt gull, halvtridje aln lang og halvonnor aln breid.Select Exodus 37:6
7På endarne av det gjorde han tvo kerubar; av drive gull gjorde han deim,Select Exodus 37:7
8den eine keruben ytst på den eine enden og den andre ytst på hin enden; i eitt med loket gjorde han kerubarne, ein på kvar ende.Select Exodus 37:8
9Kerubarne heldt vengjerne utbreidde og upplyfte, so dei tekte yver loket med vengjerne sine, og andliti deira snudde mot kvarandre; dei vende augo mot loket.Select Exodus 37:9
10So gjorde han bordet; det var av akazietre, tvo alner langt og ei aln breidt og halvonnor aln høgt.Select Exodus 37:10
11Han klædde det med skirt gull, og gjorde ein gullkrans på det, rundt ikring.Select Exodus 37:11
12Ei løvdebreid list gjorde han rundt um det, og på listi sette han og ein gullkrans, som gjekk heilt ikring.Select Exodus 37:12
13So støypte han fire gullringar og sette i hyrno på dei fire bordføterne.Select Exodus 37:13
14Ringarne sat tett uppmed listi; dei var til å smøygja berestenger inn i.Select Exodus 37:14
15Stengerne gjorde han av akazietre, og klædde deim med gull; deim var det bordet skulde berast etter.Select Exodus 37:15
16So gjorde han dei kjeraldi som skulde setjast på bordet, fati og skålerne som høyrde til, og bollarne og kannorne som skulde skjenkjast drykkoffer av, alt av skirt gull.Select Exodus 37:16
17So gjorde han ljosestaken; den var av skirt gull, og drive arbeid var det, både hoven og leggen. På staken var det blomar, med knuppar og utsprotne blad, og dei var samgjorde med honom.Select Exodus 37:17
18Seks armar greina seg ut ifrå honom, tri på den eine sida og tri på den andre.Select Exodus 37:18
19På den eine armen var det tri utsprotne mandelblomar, med knupp og blad, og på den andre armen var og tri utsprotne mandelblomar, med knupp og blad, og soleis på alle dei seks armarne som greina seg ut ifrå ljosestaken.Select Exodus 37:19
20På sjølve staken var det fire utsprotne mandelblomar, med knupp og blad,Select Exodus 37:20
21ein blomsterknupp under dei fyrste tvo armarne, og ein under dei næste tvo armarne, og ein under det tridje paret av dei seks armarne som greina seg ut ifrå ljosestaken.Select Exodus 37:21
22Både blomsterknupparne og armarne var samsmidde med staken; alt var eit heilgjort arbeid av drive, skirt gull.Select Exodus 37:22
23Sidan gjorde han lamporne til ljosestaken, sju i talet, og sakserne og saksplatorne som høyrde til, alt av skirt gull.Select Exodus 37:23
24Tri vågar skirt gull bruka han til ljosestaken og alle desse gognerne.Select Exodus 37:24
25So gjorde han røykjelsealtaret av akazietre, ei aln langt og ei aln breidt, firkanta, og tvo alner høgt. Horni på det var i eitt med sjølve altaret.Select Exodus 37:25
26Han klædde det med skirt gull, både ovanpå og rundt ikring på sidorne og på horni, og gjorde ein gullkrans på det, heilt ikring.Select Exodus 37:26
27Nedanfor kransen på dei tvo sidorne sette han tvo gullringar, tvo på kvar sida, til å smøygja stenger inn i som altaret skulde berast etter.Select Exodus 37:27
28Stengerne og gjorde han av akazietre, og klædde deim med gull.Select Exodus 37:28
29So laga han den heilage salvingsoljen og den reine, angande røykjelsen på same måten som apotekarane gjer det.Select Exodus 37:29
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation