Skip to content
Church.wiki
Exodus

Exodus 7

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Då sagde Herren til Moses: «Sjå no vil eg laga det so at du vert som ein Gud for Farao, og Aron, bror din, skal vera målsmannen din.Select Exodus 7:1

2Du skal tala alt det eg segjer deg fyre, men Aron, bror din, skal orda det ut for Farao, so han let Israels-folket fara ut or landet sitt.Select Exodus 7:2

3Men eg vil herda hugen åt Farao, og sidan vil eg gjera mange teikn og under i Egyptarlandet.Select Exodus 7:3

4Farao kjem ikkje til å høyra på dykk, og då vil eg leggja mi hand på Egyptarland med harde refsingar, og føra herarne mine, folket mitt eige, Israels-borni, ut or Egyptarlandet.Select Exodus 7:4

5Og egyptarane skal ljota sanna at eg er Herren, når eg rettar handi mi utyver landet, og tek Israels-borni beint ifrå deim.»Select Exodus 7:5

6Og Moses og Aron gjorde dette; som Herren hadde sagt deim fyre, so gjorde dei.Select Exodus 7:6

7Moses var åtteti og Aron tri og åtteti år gamall, då dei tala med Farao.Select Exodus 7:7

8Og Herren sagde det til Moses og Aron:Select Exodus 7:8

9«Når Farao talar til dykk og segjer: «Lat meg få sjå eit under av dykk!» då skal du segja med Aron: «Tak staven din, og kasta honom ned framfor augo åt Farao, so skal han verta til ein stor orm.»»Select Exodus 7:9

10So gjekk Moses og Aron fram for Farao, og gjorde som Herren hadde sagt: Aron kasta ned staven sin framfor augo åt Farao og mennerne hans, og staven vart til ein diger orm.Select Exodus 7:10

11Då sende Farao bod etter vismennerne og trollkararne, runemeistrarne, som dei hadde i Egyptarland, og dei bruka trollkunsterne sine og gjorde det same.Select Exodus 7:11

12Dei kasta kvar sin stav, og dei vart til store ormar, men staven hans Aron gløypte stavarne deira.Select Exodus 7:12

13Og det gjekk som Herren sagde: Farao var strid i hugen og vilde ikkje høyra på deim.Select Exodus 7:13

14Då sagde Herren til Moses: «Farao er tråssug; han vil ikkje lata folket fara.Select Exodus 7:14

15Gakk til honom i morgon tidleg - då kjem han ned åt elvi - og statt på elvbakken, so han møter deg, og staven som vart skapt um til ein orm, skal du hava i handi.Select Exodus 7:15

16Og so skal du segja med honom: «Herren, Hebræarguden, sende meg til deg og sagde: «Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg i øydemarki!» Men det hev ’kje du vilja lydt på endå.Select Exodus 7:16

17Og Herren segjer so: «Dette skal du hava til merke på at eg er Herren: Sjå no vil eg slå i elvevatnet med denne staven, som eg hev i handi mi, og so skal det verta til blod.Select Exodus 7:17

18Og fisken i elvi skal døy, og ein illtev stiga frå elvi, so egyptarane ikkje er god til å drikka vatnet i henne.»»»Select Exodus 7:18

19Sidan sagde Herren til Moses: «Seg med Aron: «Tak staven og rett handi di ut yver Egyptarlands-vatni, yver åerne og elvarne og tjørnerne deira og yver kvar vatsdam der er, so skal dei verta til blod, og blod skal det vera utyver heile Egyptarlandet, jamvel i koppar og kjer.»»Select Exodus 7:19

20Og Moses og Aron gjorde som Herren sagde: Aron lyfte staven, og slo i elvevatnet, so dei såg på det både Farao og mennerne hans, og alt vatnet i elvi vart blod.Select Exodus 7:20

21Då døydde all fisken i elvi, og det stod ein ond tev av elvi, so egyptarane ikkje kunde drikka vatnet, og i heile Egyptarland var det blod.Select Exodus 7:21

22Men runemeistrarne deira bruka trollkunsterne sine, og gjorde det same. Og det gjekk som Herren sagde: Farao var stridhuga og høyrde ikkje på deim.Select Exodus 7:22

23Og Farao snudde seg og gjekk inn i huset sitt, og brydde seg ikkje um dette heller.Select Exodus 7:23

24Men alle egyptarane grov kringum elvi etter drikkevatn; for dei kunde ikkje drikka elvevatnet.Select Exodus 7:24

25So leid det sju dagar etter Herren hadde gjort elvi til blod.Select Exodus 7:25

Next: Exodus 8Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Exodus

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.