Exodus 8
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Då sagde Herren til Moses: «Gakk fram for Farao og seg med honom: «So segjer Herren: «Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!Select Exodus 8:1
2Meinkar du deim å fara, so skal eg plåga heile ditt land og rike med frosk:Select Exodus 8:2
3det skal yra med frosk i elvi, og dei skal krabba upp på land, og koma inn i husi dine og sengkoven din og upp i lega di, og inn i husi åt mennerne dine og på folket ditt, og i bakaromnarne og knodetrogi dine;Select Exodus 8:3
4og deg og huslyden din og alle mennerne dine skal froskarne krabba uppetter.»»»Select Exodus 8:4
5Og Herren sagde til Moses: «Seg til Aron: «Lyft handi, og rett staven ut yver åerne og elvarne og tjørnerne, og lat froskarne aula innyver Egyptarlandet!»»Select Exodus 8:5
6So rette Aron handi si ut yver Egyptarlands-vatni, og då kom det upp med so fullt med frosk at dei hulde heile Egyptarlandet.Select Exodus 8:6
7Men runemeistrarne bruka trollkunsterne sine og gjorde det same: dei og fekk froskarne til å aula innyver Egyptarlandet.Select Exodus 8:7
8So sende Farao bod etter Moses og Aron og sagde: «Bed til Herren at han vil taka froskarne burt frå meg og landslyden! Då skal eg lata folket fara, so dei kann ofra til Herren.»Select Exodus 8:8
9Då sagde Moses med Farao: «Sjølv må du hava æra og segja kva tid eg skal beda for deg og mennerne dine og folket ditt, at han vil rydja froskarne burt frå deg og husi dine, so dei ikkje finst meir utan i elvi.»Select Exodus 8:9
10«I morgon,» svara han. «Lat det vera som du segjer!» sagde Moses, «so skal du sanna at det er ingen som Herren, vår Gud.Select Exodus 8:10
11Froskarne skal kverva burt frå deg og husi dine og frå mennerne dine og heile landslyden; berre i elvi skal dei finnast.»Select Exodus 8:11
12So gjekk Moses og Aron ut att frå Farao, og Moses ropa til Herren for froskarne skuld, som han hadde ført yver Farao.Select Exodus 8:12
13Og Herren gjorde som Moses bad, og froskarne låg daude i hus og i tun og på bøarne.Select Exodus 8:13
14Dei samla deim i dungevis, og teven kjendest yver heile landet.Select Exodus 8:14
15Men det gjekk som Herren sagde: Då Farao såg at han hadde fenge ein lette, slo han seg rang, og vilde ikkje høyra på deim.Select Exodus 8:15
16Då sagde Herren til Moses: «Seg med Aron: «Rett ut staven din, og slå i dusti på jordi, so skal ho verta til my i heile Egyptarlandet.»»Select Exodus 8:16
17Og dei so gjorde: Aron lyfte handi, og rette ut staven sin, og slo i dusti på jordi. Då kom myet, og sette seg både på folk og fe; all dusti på jordi vart til my i heile Egyptarlandet.Select Exodus 8:17
18Runemeistrarne freista og å få fram my med trollkunsterne sine, men dei var ikkje god til. Og myet vart sitjande på folk og på fe.Select Exodus 8:18
19Då sagde runemeistrarne med Farao: «Dette er Guds finger!» Men det gjekk som Herren sagde: Farao var like strid, og høyrde ikkje på deim.Select Exodus 8:19
20Då sagde Herren til Moses: «Ris tidleg upp i morgon, og stig beint fram for Farao, når han gjeng nedåt elvi, og seg med honom: So segjer Herren: «Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!Select Exodus 8:20
21For let du ikkje folket mitt fara, so sender eg allslags avåt yver deg og mennerne dine og folket ditt og inn i husi dine; husi åt egyptarane skal verta fulle av avåt, og jamvel jordi dei gjeng på.Select Exodus 8:21
22Men same dagen vil eg taka undan Gosenlandet, som folket mitt bur i, so der ikkje kjem noko avåt; då skal du verta var, at eg, Herren, er der i landet.Select Exodus 8:22
23For eg vil løysa ut folket mitt og skilja det frå ditt folk. I morgon skal dette underet henda.»»Select Exodus 8:23
24Og Herren gjorde som han hadde sagt, og det kom svære yrjor med avåt i husi åt Farao og mennerne hans og yver heile Egyptarland; det var so avåtet reint skjemde ut landet.Select Exodus 8:24
25Då sende Farao bod etter Moses og Aron, og sagde: «Gakk av og ofra til Guden dykkar her i landet!»Select Exodus 8:25
26«Det er ikkje rådlegt å gjera det so,» svara Moses; «for det me ofrar til Herren, vår Gud, det er ein styggedom for egyptarane. Ofra me no midt for augo på deim slikt som dei hev ein stygg til, vilde dei ikkje då steina oss!Select Exodus 8:26
27Tri dagsleider ut i øydemarki vil me fara, og so ofra til Herren, vår Gud, soleis som han segjer oss fyre.»Select Exodus 8:27
28Då sagde Farao: «Eg fær lata dykk fara då, so de kann ofra til Herren, Guden dykkar, i øydemarki, men de må ’kje fara langt! Bed for meg!»Select Exodus 8:28
29«Ja, no gjeng eg ut, og vil beda til Herren,» svara Moses, «og i morgon skal avåtet kverva burt frå Farao og frå mennerne og folket hans. Berre no Farao ikkje vil svika oss meir, men lata folket fara, so dei kann ofra til Herren!»Select Exodus 8:29
30So gjekk Moses ut frå Farao att, og bad til Herren.Select Exodus 8:30
31Og Herren gjorde som Moses bad, og let avåtet kverva burt både frå Farao og mennerne og folket hans; det fanst ikkje att eit einaste fly.Select Exodus 8:31
32Men Farao slo seg rang denne gongen og, og slepte ikkje folket av stad.Select Exodus 8:32
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation