Skip to content
Church.wiki
Habakkuk

Habakkuk 1

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Framsegni som profeten Habakuk skoda.Select Habakkuk 1:1

2Kor lenge, Herre, skal eg ropa, og du høyrer ikkje? Eg skrik til deg um vald, og du hjelper ikkje.Select Habakkuk 1:2

3Kvi let du meg skoda urett, og du ser på møda? Øyding og valdsverk hev eg for augo, kiv yppast, trettor kjem upp.Select Habakkuk 1:3

4Difor valnar lovi, og retten når aldri fram. Den gudlause ringar inne den rettferdige, difor kjem retten fram rengd.Select Habakkuk 1:4

5Sjå ut millom folki, skoda og undrast, ja undrast! For eg gjer eit verk i dykkar dagar - de vilde ikkje tru det når det vart fortalt.Select Habakkuk 1:5

6Sjå, eg vekkjer kaldæarane, det kvasse og bråe folket, som fer fram so vida som jordi når, og eignar til seg framande bustader.Select Habakkuk 1:6

7Fælslege, skræmelege er dei, rett og velde råder dei seg sjølv.Select Habakkuk 1:7

8Hestarne deira er rappare enn panterar og ramare enn ulvar um kvelden, og hestfolket deira kjem i rennande fart, hestfolket deira kjem langt burtanfrå, flyg som ørnen som fer etter åta.Select Habakkuk 1:8

9På veg til vald er dei alle, samlyndt snur dei andlitet fram, og dei sankar fangar som sand.Select Habakkuk 1:9

10Dei hev kongar til spott og hovdingar til lått, dei lær åt kvar ei borg, dei dungar i hop mold og tek borgi.Select Habakkuk 1:10

11So stryk dei sin veg som ein vind, og dei fer fram og fører skuld yver seg, for dei hev si eigi kraft til sin Gud.Select Habakkuk 1:11

12Er ikkje du frå fordoms tid, Herren, min Gud, min Heilage? Me skal ikkje døy. Herre, til dom hev du honom sett. Du fjell, til refsing hev du laga honom.Select Habakkuk 1:12

13Augo dine er for reine til å sjå på det som vondt er, og du orkar ikkje skoda på møda. Kvi ser du då på svikarar? Tegjer stilt når den ugudlege gløypar den som er meir rettferdig enn han?Select Habakkuk 1:13

14Du gjer menneskje like med havsens fiskar, med kreket som ingen herre hev.Select Habakkuk 1:14

15Deim alle dreg han upp med krok, samlar deim i sitt garn, og sankar deim i si not. Difor gled han seg og jublar.Select Habakkuk 1:15

16Difor ofrar han til garnet sitt, brenner røykjelse for noti si, for dei gjev honom hans feite lut og mergfull mat.Select Habakkuk 1:16

17Skal han difor få tøma garnet sitt og stødt og stendigt drepa folkeslag utan skonsel?Select Habakkuk 1:17

Next: Habakkuk 2Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Habakkuk

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.