Hosea 12
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Efraim hev ringa meg inn med lygn, og Israels hus med svik. Og Juda er alljamt agelaus imot Gud, mot den Heilage, den Trufaste.Select Hosea 12:1
2Efraim stundar etter vind, og jagtar etter austanver. All dagen aukar det på med lygn og vald. Samband med Assur gjer dei, og olje fører dei til Egyptarland.Select Hosea 12:2
3Men Herren fører sak med Juda, og vil heimsøkja Jakob for åtferdi hans, betala honom etter gjerningarne hans.Select Hosea 12:3
4I morslivet heldt han bror sin i hælen, og i si manndomskraft drogst han med Gud.Select Hosea 12:4
5Ja, han drogst med engelen og vann, han gret og bad honom um nåde. I Betel fann han honom, og der tala han med oss.Select Hosea 12:5
6Og Herren, allhers Gud - «Herren» er hans ærenamn.Select Hosea 12:6
7Og du, til din Gud skal du venda um. Hald fast på kjærleik og rett! Og bia stødt på din Gud!Select Hosea 12:7
8Kana’an, i handi hans er falsk vegt. Å gjera urett likar han.Select Hosea 12:8
9So segjer og Efraim: «Eg hev då vorte rik, eg hev vunne meg midel. Kva eg so strævar med, so skal dei då ikkje finna hjå meg nokon urett som er synd.»Select Hosea 12:9
10Men eg er Herren din Gud, alt ifrå Egyptarland, eg vil endå lata deg bu i tjeldbuder liksom i høgtidsdagarne.Select Hosea 12:10
11Og eg hev tala til profetarne, og eg, syner i mengd hev late deim sjå, og gjenom profetarne hev eg tala i liknader.Select Hosea 12:11
12Er no Gilead eit illgjerdsreir, so skal dei verta berre fåfengd. Ofrar dei uksar i Gilgal, so skal og altari deira verta som steinrøysar innmed forerne på marki.Select Hosea 12:12
13Og Jakob rømde til Aramsletta, og Israel træla for ei kona - og for ei kona gjætte han.Select Hosea 12:13
14Men ved ein profet førde Herren Israel frå Egyptarland, og ved ein profet gjætte han honom. Sår harm hev Efraim valde. Difor skal Herren hans lata blodskuldi hans koma yver honom, og han skal venda hans skjemdarferd mot honom sjølv.Select Hosea 12:14
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain