Hosea 13
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Når Efraim tala, vart dei fælne. Høg var han i Israel. Men han vart saka med Ba’al og døydde.Select Hosea 13:1
2Og no held dei på med si synd. Og dei gjer seg støypte bilæte av sylvet sitt, avgudar etter sitt eige vit, handverksarbeid alt saman. Til slike talar dei. Menneskjeslagtarar kysser kalvar.Select Hosea 13:2
3Difor skal dei verta som morgonskyi, som doggi som tidleg kverv, liksom agner som vinden fyk burt ifrå treskjarstaden, og liksom røyk or ein ljore.Select Hosea 13:3
4Men eg er Herren, din Gud, alt frå Egyptarland. Nokon annan Gud enn meg veit du ikkje av. Og nokon annan frelsar enn eg finst ikkje.Select Hosea 13:4
5Det var eg som kjendest ved deg i øydemarki, i det turre landet.Select Hosea 13:5
6Etter som beitet deira var, vart dei mette. Då dei var mette, vart dei høge i sin hug. Difor gløymde dei meg.Select Hosea 13:6
7Då vart eg deim liksom ei løva. Som ein pantar lurer eg innmed vegen.Select Hosea 13:7
8Eg kjem yver deim som ei binna som dei hev teke ungarne ifrå, og riv sund bringa deira. Eg gløypar deim som ei løvemor. Villdyr skal slita deim sund.Select Hosea 13:8
9Du hev tynt deg, Israel, med di du er imot meg, di hjelp.Select Hosea 13:9
10Kvar er no kongen din, at han kann syta for frelsing åt deg i alle byarne dine? Og kvar hev du domarane dine, som du sagde um: «Lat meg få konge og hovdingar?»Select Hosea 13:10
11Ja, ein konge skal eg gjeva deg i min vreide, og so tek eg honom burt i min harm.Select Hosea 13:11
12Samanbundi er misgjerningi hans Efraim, og syndi hans gøymd.Select Hosea 13:12
13Rider som hjå ei fødande kvinna skal koma yver honom. Han er ein son som ikkje er vis. For når stundi er der, kjem han ikkje fram i fødsli.Select Hosea 13:13
14Or helheims vald vil eg fria deim, frå dauden vil eg løysa deim ut. Kvar er di sott, du daude? Kvar er di tyning, du helheim? Anger er løynd for augo mine.Select Hosea 13:14
15For han, millom brørne sine stend han lavande av frukt; det kjem ein austanvind, eit Herrens ver, farande upp ifrå øydemarki. Då turkar brunnen hans upp, og kjelda hans tryt. Han ranar skatten, alle slag kostnadting.Select Hosea 13:15
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain