Skip to content
Church.wiki
Hosea

Hosea 14

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Bøta skal Samaria, av di det hev vore tråssugt imot sin Gud. For sverd skal dei falla, småborni deira skal verta krasa, og dei kvinnor som er med barn, skal ristast upp.Select Hosea 14:1

2Vend um, du Israel, til Herren, din Gud! For med di misgjerning hev du ført deg i fall.Select Hosea 14:2

3Tak med dykk ord, og vend um til Herren! Seg til honom: «Forlat all misgjerning og tak imot det som godt er, lat oss betala med uksar - med våre lippor!Select Hosea 14:3

4Assur skal ikkje frelsa oss. På hestar skal me ikkje rida. Og ikkje meir skal me segja: «Vår Gud!» til det som henderne våre hev gjort. For hjå deg er det at den faderlause fær miskunn.»Select Hosea 14:4

5Ja, deira fråfall vil eg lækja. Eg vil elska deim av fri hug, av di vreiden min hev vendt seg ifrå deim.Select Hosea 14:5

6Eg skal vera som dogg for Israel. Bløma skal han som ei lilja, og røtast skal han som Libanon.Select Hosea 14:6

7Renningarne hans skal spreida seg, og skal vera som eit oljetre i fagerleik, og anga som Libanon.Select Hosea 14:7

8Dei som bur i skuggen hans, skal atter avla korn og bløma som vintreet. Minnet um honom skal vera som vin ifrå Libanon.Select Hosea 14:8

9Men du, Efraim! Kva skal eg med avgudarne meir? Eg bønhøyrer og ser til honom. Eg er som eit grønt cypresstre. Frå meg skal di frukt vera å finna. Den som er vis, han agte på dette, den som er vitug, merke seg det! For Herrens vegar er rette, og rettvise ferdast på deim, men illgjerdsmenner stuper på deim.Select Hosea 14:9

Next: Joel 1Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Hosea

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.