Skip to content
Church.wiki
Hosea

Hosea 4

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Høyr Herrens ord, de Israels-born! For Herren hev sak med deim som bur i landet, av di det ingen truskap finst i landet, og ingen kjærleik og ingen kjennskap til Gud.Select Hosea 4:1

2Dei sver og lyg, dei drep og stel og driv hor. Dei fer med vald, og blodverk fylgjer på blodverk.Select Hosea 4:2

3Difor ligg landet i sorg, og alt som bur i det, sjuknar burt, både dyri på marki og fuglarne under himmelen. Jamvel fiskarne i havet set til.Select Hosea 4:3

4Like vel skal ingen skjella og ingen refsa; for folket ditt er liksom dei som trettar med ein prest.Select Hosea 4:4

5Ja, du skal falla um dagen, og profeten skal falla med deg um natti, og mor di tynar eg.Select Hosea 4:5

6Det er ute med folket mitt, av di det vantar kunnskap. Etter di du hev vanda kunnskap, so skal eg og vanda deg, so du ikkje vert min prest. Og etter di hev gløymt lovi åt din Gud, so skal eg og gløyma borni dine.Select Hosea 4:6

7Di fleire dei vart, di meir synda dei mot meg. Men deira heider skal eg snu um til vanheider.Select Hosea 4:7

8Av mitt folks synd nærer dei seg, og til misgjerningi deira stend deira hug.Select Hosea 4:8

9Men no skal det ganga med presten som folket. Eg skal straffa deim for deira ferd, og gjeva deim att for deira gjerd.Select Hosea 4:9

10Og eta skal dei og ikkje mettast, hora og ikkje meirast, av di dei hev slutta med å agta på Herren.Select Hosea 4:10

11Horeliv og vin og mjød tek vitet burt.Select Hosea 4:11

12Folket mitt spør stokken sin til råds, og hentar seg rettleiding av sin stav. For ei hordoms ånd hev villa deim, so dei med hor dreg seg burt ifrå sin Gud.Select Hosea 4:12

13Øvst uppå åsarne ofrar dei, og på kollarne brenner dei røykjelse, under eik og poppel og terebinta, av di skuggen der er god. So vert døtterne dykkar skjøkjor og sonekonorne dykkar horkonor.Select Hosea 4:13

14Likevel refsar eg ikkje døtterne dykkar for at dei er skjøkjor eller sonekonorne dykkar for at dei er horkonor. For mennerne sjølve løyner seg av med horkonor og ofrar med tempelskjøkjor. Soleis fer eit fåvitugt folk til sin undergang.Select Hosea 4:14

15Um no du Israel vil halda på med ditt horeliv, so må då ikkje Juda skuldbinda seg soleis. Kom då ikkje til Gilgal, og far ikkje upp til Bet-Aven, og sver ikkje: «So sant som Herren liver.»Select Hosea 4:15

16Um Israel stritar imot som ei balstyri ku, so skal Herren på hyrdingvis no føra deim som lamb på vidåtta.Select Hosea 4:16

17Bunden til avgudsbilæte er Efraim. So fær han då fara!Select Hosea 4:17

18Drikkinga deira er måtelaus. Hegdelaust driv dei sitt horeliv. Skjoldarne hennar elskar det som skamlegt er.Select Hosea 4:18

19Med eit stormver skal gripa deim med vengjerne sine, og dei skal verta til skammar med ofringarne sine.Select Hosea 4:19

Next: Hosea 5Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Hosea

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.