Hosea 5
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Høyr dette, de prestar, og gjev gaum, du Israels hus, og du kongehus, legg øyra til! For dykk gjeld domen. For det hev vore ei snara åt Mispa, og eit utspila net på Tabor.Select Hosea 5:1
2Med ei offerslagting hev dei sokke berre djupare ned i villa. Men eg skal verta eit tukteris åt deim alle i hop.Select Hosea 5:2
3Eg kjenner Efraim, og Israel er ikkje løynt burt ifrå meg. For du Efraim hev drive hor, og Israel hev sulka seg til.Select Hosea 5:3
4Gjerningarne deira let deim ikkje få venda um til deira Gud, av di dei hev ei hordoms ånd i bringa si, og Herren, honom kjenner dei ikkje.Select Hosea 5:4
5Men Israels storlæte vitnar imot honom, og Israel og Efraim skal stupa for si misgjerning. Juda skal og falla med deim.Select Hosea 5:5
6Um dei fer av stad med sitt småfe og sitt storfe og skal søkja Herren, so finn dei honom ikkje. Han hev drege seg ifrå deim.Select Hosea 5:6
7Mot Herren hev dei vore utrue. For dei hev født born som ikkje er hans. Difor skal no ein nymåne eta deim upp med alt det dei eig.Select Hosea 5:7
8Blås i lur i Gibea, i trompet i Rama! Blås alarm i Bet-Aven! Etter deg, Benjamin!Select Hosea 5:8
9Efraim skal øydast på refsingsdagen. Mot Israelsfylki varslar eg det visse.Select Hosea 5:9
10Juda hovdingar hev vorte liksom dei som flyt deilder. Yver deim skal eg ausa ut vreiden min som vatn.Select Hosea 5:10
11Efraim vert nedkua, retten hans rana. For han hev teke på med å fara etter menneskjebod.Select Hosea 5:11
12Og eg - som mol er eg no for Efraim og som beinåt for Judas hus.Select Hosea 5:12
13Og Efraim hev gått sjukdomen sin og Juda såret sitt. Difor hev Efraim fare til Assur og sendt bod til kong Jareb. Men han kann ikkje gjera dykk gode att, og såret dykkar vert ikkje lækt.Select Hosea 5:13
14For eg, som ei løva er eg mot Efraim og som ei ungløva mot Juda hus. Og eg, ja eg riv sund og fer min veg med det, og ikkje finst den som kann berga.Select Hosea 5:14
15Eg gjeng min veg attende til min stad, til dess dei hev lide det dei hev fortent, og so fer til å søkja mi åsyn. I si naud skal dei leita etter meg.Select Hosea 5:15
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain