Skip to content
Church.wiki
Hosea

Hosea 9

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Gled deg ikkje, Israel, med fagnad liksom folki, av di du hev drive på med hor og dermed kome burt ifrå din Gud, du som hev havt din hugnad i skjøkjeløn på alle korn-treskjarstader.Select Hosea 9:1

2Treskjestaden og vinpersa skal ikkje kunna næra deim, og druvesafti skal mislukkast for deim.Select Hosea 9:2

3Ikkje skal dei få bu i Herrens land. Men Efraim skal attende til Egyptarland, og i Assur skal dei eta det som ureint er.Select Hosea 9:3

4Dei skal ikkje renna ut vin til drykkoffer for Herren, og ikkje skal slagtofferi deira vera hugsame for honom; som syrgjebrød for deim. Alle som et av det, skal verta ureine. For brødet sitt hev dei berre for seg sjølve, det kjem ikkje i Herrens hus.Select Hosea 9:4

5Kva skal de so gjera på helgedagen, på Herrens høgtidsdag?Select Hosea 9:5

6For de skal vita at um dei slepp undan avøydingi, so vert det Egyptarlandet som samlar deim, Mof som fær å jorda deim. Sylvet deira, det dyre, skal netlor eiga, tistel veksa i tjeldbuderne deira.Select Hosea 9:6

7Dei kjem, heimsøkjingsdagarne, dei kjem, attergjeldsdagarne. Det fær nok Israel vita. Ein dåre er profeten, vitlaus er åndsmannen, for di store misgjerning skuld, og for din sterke fiendskap.Select Hosea 9:7

8Ein lurar er Efraim imot min Gud. Profeten - fuglefangarsnara på alle hans vegar, fiendskap i gudshuset hans!Select Hosea 9:8

9Djupt i used hev dei sokke som i Gibea-dagarne. Men han hugsar misgjerningi deira, han heimsøkjer deira synder.Select Hosea 9:9

10Liksom druvor i villmarki fann eg Israel. Som frumsefrukt på fiketre i den fyrste bering såg eg federne dykkar. Men dei kom til Ba’al-Peor, og vigde seg til skjemdarguden, og dei vart til styggedom liksom han som dei elska.Select Hosea 9:10

11Efraim - som ein fugl skal herlegdomen hans fljuga burt. Ingen skal få born meir, ingen vera med barn, og ingen verta umhender.Select Hosea 9:11

12For um dei el upp borni sine, so gjer eg deim barnlause, so det ikkje finst menneskje att. Ja, usæle er og dei sjølve når eg gjeng ifrå deim!Select Hosea 9:12

13Efraim, som eg ser honom alt burt til Tyrus, er planta på ein eng. Men Efraim skal verta nøydd til å føra borni sine ut til rettarmannen.Select Hosea 9:13

14Gjev deim, Herre! Kva skal du gjeva deim? Gjev deim moderfang som føder i utid, og brjost som turkast upp.Select Hosea 9:14

15All deira vondskap er samla i Gilgal. Ja, der fekk eg hat til deim. For deira vonde åtferd skuld vil eg driva deim ut or mitt hus. Ikkje skal eg elska deim lenger. Alle deira førarar er upprørarar.Select Hosea 9:15

16Stungen er Efraim, roti deira turka, frukt skal dei ikkje bera. Og um dei fær born, drep eg den dyre livsfrukti deira.Select Hosea 9:16

17Min Gud skal støyta deim burt; for ikkje lydde deim på honom, og dei skal flakka heimlause ikring millom folki.Select Hosea 9:17

Next: Hosea 10Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Hosea

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.