Hebrews 1
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Etter at Gud fordom hadde tala mange gonger og på mange måtar til federne gjenom profetarne, so hev han i desse siste dagar tala til oss gjenom Sonen.Select Hebrews 1:1
2Honom hev han sett til erving yver alle ting, og ved honom hev han og gjort verdi.Select Hebrews 1:2
3Han er avglansen av hans herlegdom og avbilætet av hans grunn-hått, og ber alle ting ved sitt veldes ord, og då han hadde gjort reinsing for synderne våre, sette han seg difor ved høgre handi åt Majestæten i det høge,Select Hebrews 1:3
4og han hev vorte so mykje hævare enn englarne som han hev ervt eit herlegare namn framfor deim.Select Hebrews 1:4
5For kven av englarne hev han noko sinn sagt det til: «Du er son min, eg hev født deg i dag?» og atter: «Eg vil vera honom ein far, og han skal vera meg ein son.»Select Hebrews 1:5
6Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verdi, segjer han: «Og alle Guds englar skal tilbeda honom.»Select Hebrews 1:6
7Og um englarne segjer han: «Han som gjer englarne sine til vindar og tenarane sine til eldsloge;»Select Hebrews 1:7
8men um Sonen: «Din kongsstol, Gud, stend i all æva; ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike.Select Hebrews 1:8
9Du elska rettferd og hata urett; difor hev Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør.»Select Hebrews 1:9
10Og: «Du, Herre, grunnfeste jordi frå upphavet, og himlarne er verk av dine hender;Select Hebrews 1:10
11dei skal forgangast, men du vert verande, og dei skal alle eldast som ein klædnad,Select Hebrews 1:11
12og som ei kåpa skal du rulla deim saman, og dei skal verta umskifte, men du er den same, og dine år skal ikkje få ende.»Select Hebrews 1:12
13Men kven av englarne hev han noko sinn sagt det til: «Set deg ved mi høgre hand, til dess eg legg dine fiendar til skammel under dine føter?»Select Hebrews 1:13
14Er dei ikkje alle saman tenande ånder, som vert utsende til tenesta for deira skuld som skal erva frelsa?Select Hebrews 1:14
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation